mandag 20. april 2009

Etter mange, tårefylte hadetklemmer og ein stadig voksande klump i magen stod eg skjærtorsdag på Kathmandu International Airport, klar for kva enn som skulle komme. 27.5 timar seinare, langfredag, var eg heime, i Bykle! Kom heim, blei møtt med lange, gode klemmer av mamma, pappa, Ragnhild, Ingvild og Olav Magnus. På Kjevik blei eg møtt av Torleif, og hadde ein god biltur heim der praten gjekk laust. Fantastisk godt å sjå alle saman att, og å kunne prate med dei utan å avtale fleire dagar på forhånd bare for å oppleve at internetten var så hakkete at det ikkje blei samanheng i samtalen.
Laurdag var det skitur med bål, pølser, kakao, kvikk lunsj, appelsin og lange bakker å renne i, altså typisk påske. Kan kanskje la være å nevne at regnet starta då vi hadde pakka sekken, og at det hølja ned då vi kom inn att i bilen.


(stemningsbilde frå i fjor, då var veret litt betre enn denne påska...)

Søndag var eg på gudsteneste, og sang "Deg være ære" av full hals. Det å høyre tale på norsk, synge norske salmar, delta på norsk liturgi (jadda, eg er ikkje så forandra nemleg) var heilt fantastisk, og noko eg hadde gleda meg til lenge på forhånd.
Tysdag reiste eg tilbake til Hald, etter å ha vore hos bestefar og prata litt med han.
No er Hald det som er mest aktuelt, har hatt mykje bra undervisning dei tre dagane vi har hatt det, og eg gler meg til det som kjem. Kjenner spesielt at bibelundervisninga skal bli god, å få påfyll og lære mykje nytt!

Som ei avslutning må eg få uttrykke min kjærlighet til denne jenta. Ikkje så lenge att no, Ingebjørg! Kan love deg ein knuseklem og eit høgfrekvent hyl :-)



onsdag 8. april 2009

ein, to, tre, BUNGY!

Går over hengebrua. 160 meter under føtene mine renn det ei elv, og breidda er full av stein. Registrerer meg, betaler. Går ut att på brua. Der står 10 andre folk, helser blidt. Vinker til Marianne, Kristin og Shuraz. Stiller meg i kø.
Blir ropt opp, får beina mine snurpa sammen, og eit belte om livet.
Blir leidd utanfor gjerdet, og står plutseleg på ei platting utan noko å halde meg i, 160 meter over bakken.
Går litt lenger ut, strikket som heng i føtene mine dett utfor kanten. Eg kjenner tyngda av strikket som trekker i føtene mine.
Mannen som står bak meg held meg i beltet om livet.
Eg bøyger knea mine, retter ut armane som ein fugl som skal til å fly. Tærne mine står ikkje på noko fast.
Eg vinker til kameraet, lager ei grimase, og tenker "håper eg ikkje dør nå!"
Mannen spør om eg er klar. Eg svarer ikkje. Han responderer med å rope:
ONE, TWO, THREE; BUNGY!!!!

Eg hopper uten å tenke over kva det er eg gjer. Kjensla av å rase nedetter i fritt fall. Kjensla av mangel på kontroll. Heilt sprøtt, intet mindre. 120 meter fyk eg ned, før strikket strammar seg.

Strikket strammer seg, og eg fyk opp og ned eit par ganger før strikket begynner å dirre, og eg sakte blir heist ned.

Eg har hoppa i strikk. Det var den sjukaste opplevinga eg har hatt på ekstremt lenge, og ei verdig "grand finale" av seks månadar i Nepal. Hoppet skjedde i går (tysdag), i dag har eg pakka, og i morgo vender eg nasen min mot det kalde nord. Trist å reise frå 30 grader her til slaps i Noreg, men skal bli koseleg å treffe folk att og.

Viss nokon lurer - ja, eg hylte. Som ein stukken gris faktisk. Men, det var verdt det!

lørdag 4. april 2009

Siste...

Det begynner å gå opp for meg at tida mi i Nepal snart er over. Difor har det blitt ganske mange kommentarer av typen "dette er nok siste gang vi gjer dette" i det siste. Her kjem eit lite utval av kva eg har hatt "siste" av desse dagane.
Siste bibelgruppe (arbeid) var på tysdag, og samla folk frå 10 til 75 år. Ikkje så mange, men stort spenn i alder!



Siste tur for å kjøpe frukt har strengt tatt ikkje vore heilt enda, men den kjem den og! Difor eit lite blinkskot frå vår lokale fruktbasar:



Siste møte med dei "offentlege hundane", som denne med alskens sjukdomar:



Siste tur med offentleg transport, som inneber enten takplass, ståplass eller skvistsammenaltformangepåeittsete-plass.



Dette biletet er forresten frå fredag då eg var på piknik med CBS-gruppa (laget) i Kathmandu. For å komme oss til piknik-spot måtte vi køyre, og dei hadde fått tak i ein bil med lasteplan. X antal gryter og kjøkkenutstyr blei stappa opp, før resten av plassen blei fylt opp av menneske. Eg klager ikkje! Så der køyrde vi gjennom gatene i sentrale deler av hovudstaden i Nepal - med ca. 10 personar ståande på lasteplanet! Politiet som er plassert på kvart gatehjørne reagerte ikkje ei gang. Så mykje for trafikksikkerhet!
Pikniken var og SISTE gang eg traff på mange av studentane her. Ganske rart, det er sjølvsagt ikkje alle eg har hatt like mykje med å gjere, men vemodig er det å si hadet likevel. Det betyr at ein periode er over.



Sjølv om vi ikkje reiser før torsdag kveld hadde vi avslutningsmiddag med familien vår / sjefen vår på søndag (i går). Grunnen er at han reiser på leir til Far West Nepal, og blir borte i 10 dager. Ergo det var siste gang vi møter han, i alle fall for denne gang.
Vi var på siste nepaligudsteneste på laurdag, og siste internasjonale gudsteneste i går. I dag skal vi på siste mentorsamtale.
Siste, siste, siste. Konklusjonen er at Nepalopphaldet går mot ein slutt!

fredag 27. mars 2009

På tur

Vi har vore på tur, til Tansen og Pokhara + ein liten trekking-tur. Kristin, Marianne, Sigrun, Veronika og Eldrid (dei to siste arbeider for Tibetmisjonen i Nepal) har vore turfølget gjennom tidene, og eg har hatt ei fantastisk veke.
Tansen er ein landsby med eit misjonssjukehus, og vi har vore på full inspeksjon over korleis ting blir drive der. I tillegg har vi vore i turiststaden Pokhara, og nyte livet eit par dagar, før eg, Marianne og Veronika prøvde å vere spreke, og la ut på trekking. Her kjem nokre bilete frå turen.



Streik og Nepal høyrer saman, det er streiker i hytt og pine, så det var på tide at eg blei plassert midt i happeninga sjølv. Kom køyrande, og plutseleg stoppa all trafikk. Tre timar seinare kunne vi køyre att, og kom oss vidare mot Tansen (om enn ein anna veg, så vi sat 5 timer meir i buss enn vi trengde - i tillegg til streik-stoppen)



Frå lokalbazaren i Tansen. Nokon som treng lauk, bønner eller chili?



Så har eg endeleg gjort det: paraglida. Moro var det, sjølv om turen min ikkje blei på meir enn 10 minutt. Mangel på vind var grunnen, og eg fekk pengane igjen.



I Nepal finst det ulike typer kaker. Som på denne restauranten.

Så var det tid for trekking. Eg har vore til ein stad som heiter Poon Hill og sett soloppgangen over Annapurna-fjellrekka. Det kan anbefalast, sjølv om skyane kom litt vel fort!
I tillegg til soloppgang møtte vi på plaskregn kvar dag, ca. fem minutt etter at vi hadde komme fram til der vi skulle sove. Første dagen hagla det i tillegg!
Trekkinga var ikkje så lang, tre dagar, men eg fekk gått litt likevel:
Dag 1: opp 1000 høgdemeter
Dag 2: opp 850 høgdemeter
Dag 3: opp 360 høgdemeter, og ned 2210 høgdemeter.
Pust og beinmusklar blei utfordra dei to første dagane, den siste var det knea som fekk kjenne på kva det betyr å vere på tur...
Har forresten overnatta på ca. 2850 m.o.h., og kjend på at lufta er tynnare høgt oppe. Neste gong eg kjem til Nepal blir Annapurna base camp målet!



Vekas kjøttforsyning til div. landsbyer er på veg oppetter fjellsida.



Vår gode ven bøffelen lurer på kva slags rare folk det er som har tatt pause rett ved matfatet hans.



Reklamen som prøver å lokke til seg flest muleg turistar til å overnatte på akkurat dette gjestehuset



Utsikten frå overnattingsstad nummer 1



Nepalsk mat: daal, bhat, tarkari. Veldig godt, og ganske fancy servert på denne staden



Veronika, Marianne og Sigrun på Poon Hill, 06.00 onsdag morgon.



Eg og Annapurna 1 (ca. 8100 moh.) i soloppgang.

onsdag 18. mars 2009

Let it rain..

Eg trudde ikkje den dagen kom til å komme då eg lengta etter regn, bare ein liten drope, sånn at støvet kunne legge seg litt. Men, tydelegvis er det også noko å ville ha.
I dag var eg og Kristin på "visitt" på eit kontor for skulefornying i Nepal (ECEC), for å raportere om livet vårt på landsbygda for nokre veker sidan. På kontoret arbeider det ein norsk misjonær, og etter møtet var vi med på ein rundtur på bygget. "Det ser ut som at det kjem til å regne i dag" sa ho. WOW! For ein spektakulær tanke! Regn! Er ikkje det å gå litt for langt, tenkte eg. Men, May-Britt hadde rett, og fem minutt etterpå kom det eit par droper. Nok til at eg var glad og fornøgd.
Resten av dagen har det lyna og tordna, men det har ikkje komme så mykje som ein drope til. Heilt til eg skulle gå heim att frå sentrum. "Himlens sluser" opna seg (i alle fall litt), det kom såpass med vatn at asfalten glinsa. Det er noko av det beste eg har opplevd på ei god stund, dei første dropane vatn eg har kjend frå himmelen sidan heilt i starten av oppholdet vårt her, i oktober.
Sidan det ikkje har regna her har vi hatt 16 timer straumkutt (rykta seier at det skal aukast til 20 t. i døgnet), folk har ikkje vatn, og støv og eksos blir mange ganger verre enn det eigentleg er. Den siste veka har eg ikkje sett himmelen, men eit grått lag som ligg litt over hovudet mitt. Dei få gongane det har vore mogleg å sjå sola har ho vore raud, grunna all forureininga.
Det kom ikkje regn i desember, og ikkje i februar (dei to tidene der det skal komme litt regn i følge kjeldene mine), men i dag kom det litt. Ikkje nok til å fylle elva her, som er nesten heilt uttørka. Ikkje nok til å redusere straumkutta. Ikkje nok til å gje folka her vatn i haugevis. Men, nok til å få støvet til å legge seg for ei lita stund, og nok for at eg blei litt blaut i håret.
Hurra!

Let it rain..

Eg trudde ikkje den dagen kom til å komme då eg lengta etter regn, bare ein liten drope, sånn at støvet kunne legge seg litt. Men, tydelegvis er det også noko å ville ha.
I dag var eg og Kristin på "visitt" på eit kontor for skulefornying i Nepal (ECEC), for å raportere om livet vårt på landsbygda for nokre veker sidan. På kontoret arbeider det ein norsk misjonær, og etter møtet var vi med på ein rundtur på bygget. "Det ser ut som at det kjem til å regne i dag" sa ho. WOW! For ein spektakulær tanke! Regn! Er ikkje det å gå litt for langt, tenkte eg. Men, May-Britt hadde rett, og fem minutt etterpå kom det eit par droper. Nok til at eg var glad og fornøgd.
Resten av dagen har det lyna og tordna, men det har ikkje komme så mykje som ein drope til. Heilt til eg skulle gå heim att frå sentrum. "Himlens sluser" opna seg (i alle fall litt), det kom såpass med vatn at asfalten glinsa. Det er noko av det beste eg har opplevd på ei god stund, dei første dropane vatn eg har kjend frå himmelen sidan heilt i starten av oppholdet vårt her, i oktober.
Sidan det ikkje har regna her har vi hatt 16 timer straumkutt (rykta seier at det skal aukast til 20 t. i døgnet), folk har ikkje vatn, og støv og eksos blir mange ganger verre enn det eigentleg er. Den siste veka har eg ikkje sett himmelen, men eit grått lag som ligg litt over hovudet mitt. Dei få gongane det har vore mogleg å sjå sola har ho vore raud, grunna all forureininga.
Det kom ikkje regn i desember, og ikkje i februar (dei to tidene der det skal komme litt regn i følge kjeldene mine), men i dag kom det litt. Ikkje nok til å fylle elva her, som er nesten heilt uttørka. Ikkje nok til å redusere straumkutta. Ikkje nok til å gje folka her vatn i haugevis. Men, nok til å få støvet til å legge seg for ei lita stund, og nok for at eg blei litt blaut i håret.
Hurra!

mandag 16. mars 2009

Kjøpslova

Då eg i mine glansdager på Kvitsund hadde ØI (Økonomi og informasjonsbehandling) lærte eg om kjøpslova. Eg må kanskje innrømme at det ikkje var akkurat det temaet som interesserte meg mest på den tida, men litt sit att etter tre år (sprøtt kor fort tida går forresten). Kjøpslova skal (viss eg ikkje hugser heilt feil) ta seg av interessa tli kunden, og sikre at kunden får varer til god kvalitet.
Så - kvar er krafta til denne lova når eg treng ho? Ikkje i Nepal i alle fall. Grunn:
Øyreproppar.
Eg hadde med meg eit flott eksemplar frå Noreg då eg reiste heimafrå. Etter to månadar bestemte dei seg for å slutte å spele musikk (eller lydbøker) på det eine øyret, kvifor ha lyd på to øyrer når du kan ha på eitt? Godt poeng. Desse øyreproppane blei sendt heim att med Øystein lærar som kom på ein snarvisitt i januar, og Sigrun hadde kjøpt seg nye. Desse nye proppane blei tatt i bruk så tidleg som i desember, og kjøparen var særs nøgd med resultatet. Men, kva skjer? I midten av januar bestemmer proppane seg for å ikkje fungere dersom leidninga ligg i 90 graders vinkel ein bestemt stad. Frustrasjonen stig hos kjøparen, men sidan øyreproppane blei kjøpt utan kvittering (noko som tydelegvis ikkje var smart, men som ikkje blei tenkt over i kjøpsminuttet) er det ikkje mogleg å bytte.
"Klok av skade" går Sigrun atter ei gong til butikken og vel seg eit par nye propper (start februar). Denne gonga følgjer det med ei kvittering, som blir passa veldig godt på. Etter omtrent nøyaktid ein månad dør også desse proppene, men Sigrun traver av stad til butikken, og slår kvitteringa i bordet. Ei kvittering med både dato og pris. Alt ser veldig lyst ut, heilt til (butikk)sjefen sjølv kjem, og opplyser at det er ein dags garanti på slike forbruksgjenstander. Sukk og stønn.
Så, mine kjære trufaste lesarar; er dette rett? Har ikkje den stakars kunden her rett på litt lenger garanti? Grav fram det som finnast av kunnskap på området, slå opp i Noregs lovar (eller kanskje heller Nepals?)og finn svaret! Må Sigrun faktisk gå til innkjøp av det som blir dei fjerde øyreproppane i løpet av litt meir enn fem månadar? Det er opp til deg å dømme.

fredag 6. mars 2009

Til ettertanke

Herre, vår Gud,
kor herleg ditt namn
er over all jorda,
du som har breitt ut
din prydnad på himmelen!
...


...
Når eg ser din himmel.
eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene
som du har sett der,
kva er då eit menneske,
sidan du kjem det i hug,
eit menneskebarn,
sidan du tek deg av det?

Du gjorde han lite ringare
enn Gud,
med ære og herlegdom
krona du han.
Du sette han til herre
over dine henders verk,
alt la du under hans føter:
sauer, oksar, alle i hop,
ja, jamvel dei ville dyr
på marka,
fuglen i lufta og fisken i sjøen,
alt som ferdast på havsens stigar.
Herre, vår Gud,
kor herleg ditt namn
er over all jorda!
-Salme 8

tirsdag 3. mars 2009

Lenge leve...

livet som sjuk(?)
Eg har fått meg nye vener den siste veka, evt fofriska gamle venskap som var litt støvete i kantene:
- dorull/first price mjukt papir
- te med honning (og anna varm drikke)
- strepsils
- vaselin
- nasespray
- paracet
- fishermans friend
- og nytt av dagen: antibiotika!



I tillegg arbeider eg hardt for at det skal bli litt meir søppel i gatene i Kathmandu, som følge av diverse doruller som må sjå seg slått av mi meir eller mindre rennande nase.
Eg har aldri sagt noko anna, bronkitt er moro det! Spesielt når ein ligg i senga på kvelden og må konsentrere seg: "pust INN, pust UT, inn, ut". Høyrast eigentleg meir ut som eit trekkspel med astma, så Lindesnes Trekkspillklubb, dere har ein konkurrent!



Folk vil kanskje meine at det er litt drøyt å gå til det skritte å svelge tre grisesvære antibiotikapiller kvar dag fem dagar framover bare grunna ein stakars bronkitt. Men, grunnen er så enkel som at med den forureininga som er i denne byen vil eg "aldri" bli frisk att dersom eg ikkje gjer noko drastisk med saken. Så nå gjeld det bare å hugse på å ta desse pillene. Trur det kan bli ei utfordring i seg sjølv.

Ellers er Kathmandu framleis Kathmandu, med nok av ting å finne på for den som vil underholde seg sjølv og andre. Eg og Marianne var på guida tur i Kathmandu
Durbar square dagen før trekkspelet i meg vakna. Planen var å treffe på den levande guden (ei jente på tre år som er utnevnt til kona til dødsguden), men ho var ikkje tilgjengeleg. Synd, vi får prøve igjen ei anna gang. Det er nok av andre tempel å sjå på, og det virka nesten som at vi traff på ei rush-tid når det gjeld tilbeding.



Det klang i klokker over alt, og folk gjekk frå gud til gud og festa blomar i håret og tikka-merker i panna. Heilt sært å tenke på, dette er korleis dei utøver religionen sin! I tillegg syns eg det er rart at eg begynner å bli "vane" med det, eg sperrer ikkje opp augo mine kvar gong eg ser ofring lenger.

I tillegg fann vi ei vakt, det er sjølvsagt at bilete måtte bli tatt.



Blomemarknad, der folk kjøper kranser med blomar som dei gir til gudane sine under tilbedinga. Lyser opp i bybiletet i alle fall!

onsdag 25. februar 2009

På tide med ei oppdatering?

For ein månad sidan var eg klar for å bryte opp. No er eg tilbake att, til Kathmandu. Eg må innrømme at eg grudde meg ganske mykje før eg reiste til Trishuli, eg ville ikkje reise frå Kathmandu som etter kvart har blitt heime for meg. Men, kva skjedde i dag, då eg skulle reise frå Trishuli att? Eg ville ikkje reise derifrå.

Trishuli ligg rundt 75 km frå Kathmandu, det tek 3 timer med buss å komme seg dit. Seier kanskje litt om vegane...
Eg har i alle fall fått bekrefta at eg passar best på bygda. Utan internett, med eit mindre utval av butikkar, eg hadde det heilt topp! Folka var meir opne, og dei tok imot oss med store smil og opne armar heile vegen. I løpet av tre veker i Trishuli har eg vore på fleire middagsbesøk, og blitt ordentleg kjend med fleire folk enn i løpet av nesten fire månader i Kathmandu. Eg digger bygda. Så: nokre blinkskot frå dei tre siste vekene:


Var på middagsbesøk hos pastoren, og fekk prøve tamang-klede (tamang er ei folkegruppe i Nepal, mange av dei bur i Trishuli og området rundt)


Eg har arbeida litt og, dette er frå ei bibelgruppe. I tillegg har eg hatt andakt på søndagsskule og arbeida tre dagar i veka på ein montesorriskule. Eg koste meg med alt av arbeid som eg hadde.


Som den flinke ingeniør-dotra eg er, var eg på besøk på ein kraftstasjon og inspiserte turbinane (trur eg i alle fall). Bråke gjorde det, men no har eg sett kvar den vesle straumen som er i Nepal blir laga.
Forresten, ein ting til som eg vil kalle luksus, i Trishuli var det ikkje meir enn ein time til dagen med straumkutt.

Eg har ein følelse av at dette innlegget blei veldig hyper-positivt, men det er viktig innimellom det og! LENGE LEVE BYGDA :-)

søndag 25. januar 2009

Oppbrot

På tysdag hadde vi siste dag på skulen. Onsdag var vi på barnesenteret og tok farvel med ungane og dei vaksne der. Desse opplevingane var ganske rare. Det gjekk plutseleg opp for meg at eg ikkje skal vere i Nepal så alt for mykje meir. Då eg blir invitera på middag til sjefane sine, og plutseleg innsåg at det er siste gong eg såg mange av ungane, då blei alt litt trist. Men, heldigvis er eg ikkje på veg heim heilt enda. I dag reiser team Nepal: Kristin, Marianne og Sigrun til Trisuli, ein landsby nord for Kathmandu. Det er bustaden vår den neste månaden. Leir, lærar på skule og bibelgruppeleiar er oppgåvene som venter på oss der. Vi tok farvel med noko i Kathmandu, men kjem til ein ny stad der nye menneske ”står i kø” for å bli kjend med oss. Folk som eg skal lære å sette pris på, irritere meg over, diskutere med og bli vener med. Spennande.

Til no har vi budd hos ein nepalsk familie, men vi har hatt ein eigen etasje. I Trisuli kjem vi til å bu hos ein familie, under ukjende kår. Det eg allereie kjenner på, er at magesekken min kjem til å utvidast kraftig. Nei er ikkje eit svar når det kjem til mat, og tallerkenen skal fyllast MED haug, viss ikkje er det ikkje nok mat. Er eg ferdig å ete før verten, då er det bare til å lesse på med ny mat. Ei utfordring eg prøver å psyke meg inn på å overleve utan å bli gal kvar gong eg blir servert ris i framtida.

Vel. Nokre avskjeder har det blitt, men heldigvis ikkje så mange. Det er enda to månadar att av opphaldet, ein månad i landsbyen og ein månad med bibelgrupper i Kathmandu. Det er godt.

tirsdag 20. januar 2009

Kva eg har lært sidan sist

Først må eg få lov til å kommentere ein notis som stod i Vårt Land i desember. Der var det kommentert at Nepal var inne i ei stor krise når det gjeld tilgang på elektrisitet. Difor var straumen kutta ni timer i døgnet. Greitt nok det, men på den tida då notisen kom på trykk, var straumen borte ti timer i døgnet. Det betyr at då vi kom til Thailand var det luksus å ikkje måtte tenke på når straumen skulle gå i forhold til mat osv. Vel heime att i Kathmandu blei det nye endringar i planane. For tida lever vi 16 - seksten - timer i døgnet uten straum. Det har blitt slik at det er meir overraskande om vi har straum enn når vi ikkje har. Likevel skal det leggast til at vi er veldig heldige.
Familien vi bur hos har skaffa eit batteri, slik at vi har ei lyspære i kvart rom som lyser sjølv om straumen er borte. Det er utruleg luksus, dei fleste naboane lever med stearinlys som einaste lyskjelde om kveldane. OG det er og eit poeng å få fram: Vi har straum som regel frå 16.00-20.00 og frå 00.00-04.00. Så mykje for å lage rundstykker liksom! (På ambassaden sine nettsider opplyser dei at strømbrudd kan forekomme. Dei overdriv i alle fall ikkje!)

For eit par dagar sidan var vi på besøk til Bimala, ei nepalsk jente/dame som har budd i Noreg i nokre år. Det er første gang eg har sett ein nepaleser i LUSEKOFTE! Fekk nesten heimlengsel, eg! Samosaen vi lærte å lage blei forresten og god. (Det er ein av dei tinga eg har lært. Så veit du det)

I dag var siste dagen vi hadde på skulen. I den anledning hadde vi gruble, noko som fungerte bra i alle klassene. Heilt fram til vi skulle telle poeng. Hørselsvern, kvar er du når eg treng deg? Uansett, vinnarlaga fekk sin fortente heder og ære, og min karriære som engelsk- og mattelærar på den skulen er i alle fall over.

Som ei markering av ferdig skulearbeid blei vi invitert heim til rektoren på middag i kveld. For å gjere ei lang historie kort - det kjennest som om magen skal sprekke, og det har det gjort ei stund! Eg blir flink til å ete mykje her, så det skal ingen si noko på. Etter å ha inspisert ein barneheim som ligg rett ved sida av rektoren sitt hus, skulle vi heim att. Framfor oss gjekk det ein hund, og dette er samtalen som fulgte:
Sigrun: Aahh, is this your dog??
Rektor: No, it isn't, it's a public dog.

Yess. Nepal blei etter valget i haust eit kommunistisk land. Difor deler dei og på lausbikkjene som spring i vegen. (Det høyrer og med til historia at eg på veg heim att traff på seks "public dogs" til. Eller laushundar som eg ville ha sagt ellers. Jadda, ein lærer så lenge ein lever!)

onsdag 14. januar 2009

Heime att



Etter to veker på tur er eg tilbake i Kathmandu. Det var rart, men då flyet sirkla over byen før det landa kjende eg ei merkeleg ro som seig inn over meg. Det er her eg skal vere! Biletet er tatt frå flyet, det er ikkje skyer som kan sjåast i bakgrunnen, men Himalayafjella. Med det fantastiske kameraet mitt fekk eg ikkje fjella tydelegare, men synet er noko som tek pusten frå meg! Og her BUR eg! Snakk om heldig jente!

Infield var fantastisk, det heile starta på flyplassen i Bangkok på veg til Laos. To kjende fjes (Øystein og Agnar, lærarane våre), kom spradande nedover trappene. Og betre blei det! I Laos (Vientiane) venta fire jenter og to gutar på oss - Thailand- og Laosteama var klare for ei veke med mykje artig.



Undervisninga vi har fått har vore akkurat det eg trengde, litt for påfyll og litt for ettertanke. I tillegg har det vore ubeskriveleg godt å ha eit åndeleg fellesskap på norsk - med norske songar og norsk "tale".
Innimellom all undervisning hadde vi ein aktivitetsdag. På den eine dagen var vi på grottevandring. Fire grotter blei besøkt, derav ei med fantastisk akkustikk. Det å stå langt inne i eit fjell og synge "Laudate" og velsigninga var ei sterk oppleving som kjem til å sitte i ei stund!
Vi sat i tube (ring) og segla nedetter elva for å komme oss tilbake til hotellet att. På vegen stoppa vi ved nokre slenghusker, utruleg morosamt. Eg starta frå ei platting som var mellom 10 og 12 meter over vatnet, og holdt meg fast i eit taug. Då eg hoppa fauk tauget bortetter ei line, og eg kunne sleppe der eg følte for. Trur eg slapp på ei høgde mellom 10 og 12 meter, fantastisk moro!

Tilbake i Kathmandu var vi ikkje aleine, Øystein lærar var med. Det førte til tur til Nagarkurt, ein stad der ein på ein klar dag har utsyn heilt til Mt.Everest. Vi stod opp klokka 5 på morgonen, gjekk 6 km til eit utkikkspunkt for å kunne sjå soloppgangen derifrå. Dette er den fantastiske utsikten vi fekk:



TÅKE! Trøysta var at kvelden før såg vi litt meir av fjellrekka, men det er litt surt å vite at fleire morgoner før hadde det vore heilt klart. Uansett overlever eg heilt fint.



("Nød lærer naken kvinne å spinne" heiter det. Kva gjer ein når ein knapt kjenner føttene sine fordi dei er kalde? Varmer dei opp med dei varmekjeldene som er, då vi var til Nagarkurt var det stearinlys.)
Halvvegs i opphaldet bytter vi litt arbeidsoppgåver. Frå no av er det bibelgrupper som er hovudaktiviteten, i tillegg til meir arbeid med Laget her. Eg trur det blir veldig gøy.

søndag 4. januar 2009

Ferie og blogg

er ikkje ein god kombinasjon. Det forer til at det blir lite oppdatering av blogg og mykje anna som skjer. Jula blei feira i Kathmandu, med ribbe og spro svor hos misjonaerar paa julekvelden. Gudsteneste i den internasjonale kyrkja var det og tid til, foer kvelden blei tilbragt i senga, med jordbaereting, norsk sjokolade, brus og pepperkaker. Veldig koseleg, og ettersom romet var fullt av stearinlys blei det faktisk varmt etter kvart ogsaa! Gaaver takker og bukker eg for, kan nevne mjolkesjokolade, fiskesuppe, leverpostei, andaktsbok og eit flott heimelaga bilete (Kongebra, Olav Magnus!)

Forste juledag skulle vi i nepalsk kyrkje, for aa feire nepalsk jul. Det blei det lite av, allerede klokka fire natt til forste juledag gav magen min beskjed om at det ikkje var aktuelt aa reise veldig langt bort fraa ein do. Spybotta blei redninga, og ikkje ein matbit blei fortaert. Paa kvelden var sjefen vaar (han vi bur hos) saa bekymra at eg blei tatt til sjukehus. LOL. Ei blodprove og ein time etter, var eg heime att, til botta mi. Ei vanleg omgangssjuke kan ikkje fiksast paa paa sjukehus heller, saa eg forstaar ikkje stresset!

26. des reiste vi til Thailand, vi var i Bangkok i eit par dagar for vi reiste vidare til ei oy - Koh Chang - for aa slappe av i sol og varme. Dette er den EINE ferieveka vi har i lopet av halvaaret, saa den blei benytta og nyte paa best muleg vis! Nyttaarsaften blei feira paa ei strand, der det var mange ganske ikkjeedrue menneske. For oss som ikkje drikk sterkare saker enn ein Cola i ny og ne var det ganske mange interessante skikkelser aa studere. Ein studie i Europearar paa tur til ein stad ikkje mamma er med!

Vi var paa oya i fire heile dagar, for vi i gaar kom tilbake til Bangkok. No sit eg paa gjestehuset her, og ventar paa at klokka skal bli halv 5. Daa skal vi til flyplassen, for aa reise vidare til Laos. Infield i lag med Hald-folka som er i Thailand og Laos er neste post paa programet. Det blir veldig koseleg, i tillegg til at det skal bli moro aa treffe att Oystein og Agnar - to av laerarane paa Hald.

I dag har eg btw vore turist for alle penga, vore paa div. tempel- og palassbesoek i Bangkok, i tillegg til aa ha koyrd baat og tatt mykje bilete. Tida (og pengane) flaug :-)

Det har vore ei konge veke, og den neste kjem og til aa bli god. Eg er sikker! (Naar eg faar til internett paa dataen min att, skal det komme bilete fraa denne veldig gode veka!)