søndag 25. januar 2009

Oppbrot

På tysdag hadde vi siste dag på skulen. Onsdag var vi på barnesenteret og tok farvel med ungane og dei vaksne der. Desse opplevingane var ganske rare. Det gjekk plutseleg opp for meg at eg ikkje skal vere i Nepal så alt for mykje meir. Då eg blir invitera på middag til sjefane sine, og plutseleg innsåg at det er siste gong eg såg mange av ungane, då blei alt litt trist. Men, heldigvis er eg ikkje på veg heim heilt enda. I dag reiser team Nepal: Kristin, Marianne og Sigrun til Trisuli, ein landsby nord for Kathmandu. Det er bustaden vår den neste månaden. Leir, lærar på skule og bibelgruppeleiar er oppgåvene som venter på oss der. Vi tok farvel med noko i Kathmandu, men kjem til ein ny stad der nye menneske ”står i kø” for å bli kjend med oss. Folk som eg skal lære å sette pris på, irritere meg over, diskutere med og bli vener med. Spennande.

Til no har vi budd hos ein nepalsk familie, men vi har hatt ein eigen etasje. I Trisuli kjem vi til å bu hos ein familie, under ukjende kår. Det eg allereie kjenner på, er at magesekken min kjem til å utvidast kraftig. Nei er ikkje eit svar når det kjem til mat, og tallerkenen skal fyllast MED haug, viss ikkje er det ikkje nok mat. Er eg ferdig å ete før verten, då er det bare til å lesse på med ny mat. Ei utfordring eg prøver å psyke meg inn på å overleve utan å bli gal kvar gong eg blir servert ris i framtida.

Vel. Nokre avskjeder har det blitt, men heldigvis ikkje så mange. Det er enda to månadar att av opphaldet, ein månad i landsbyen og ein månad med bibelgrupper i Kathmandu. Det er godt.

4 kommentarer:

Anonym sa...

God tur til Trisuli. Her går vi på ski....
Mamma

Andreas Nordbø Jørgensen sa...

Gjett kva? Eg har lest om deg i lagsnytt også! Tilogmed på framsida!

BTW, eg går ikkje på ski
Andreas

Anonym sa...

Du får berre ete sakte,Sigrun, så dei ikkje rekk å fylle opp tallerkenen altfor mange gonger!!
Elles : Gled deg til å sjå DET flotte biletet på framsida av Lagsnytt! og så Ragnhild inne i bladet..!
Helsing stolt tante G.

Martha sa...

eg kjenner godt til problemet med å få overfylt tallerk av mat. heldigvis et eg ganske seint...:) kjenner og da er rart at tida i utlandet (no meir heimland nr. 3 - norge, etiopia, kenya) snart er over og at eg må finna ut ka eg vil gjera til hausten. har du bestemt for ka du skal gjera vidare?