Trishuli ligg rundt 75 km frå Kathmandu, det tek 3 timer med buss å komme seg dit. Seier kanskje litt om vegane...
Eg har i alle fall fått bekrefta at eg passar best på bygda. Utan internett, med eit mindre utval av butikkar, eg hadde det heilt topp! Folka var meir opne, og dei tok imot oss med store smil og opne armar heile vegen. I løpet av tre veker i Trishuli har eg vore på fleire middagsbesøk, og blitt ordentleg kjend med fleire folk enn i løpet av nesten fire månader i Kathmandu. Eg digger bygda. Så: nokre blinkskot frå dei tre siste vekene:
Var på middagsbesøk hos pastoren, og fekk prøve tamang-klede (tamang er ei folkegruppe i Nepal, mange av dei bur i Trishuli og området rundt)
Eg har arbeida litt og, dette er frå ei bibelgruppe. I tillegg har eg hatt andakt på søndagsskule og arbeida tre dagar i veka på ein montesorriskule. Eg koste meg med alt av arbeid som eg hadde.
Som den flinke ingeniør-dotra eg er, var eg på besøk på ein kraftstasjon og inspiserte turbinane (trur eg i alle fall). Bråke gjorde det, men no har eg sett kvar den vesle straumen som er i Nepal blir laga.
Forresten, ein ting til som eg vil kalle luksus, i Trishuli var det ikkje meir enn ein time til dagen med straumkutt.
Eg har ein følelse av at dette innlegget blei veldig hyper-positivt, men det er viktig innimellom det og! LENGE LEVE BYGDA :-)