På torsdag kjøpte vi mobiltelefon. Ikkje trekk forhasta sluttnader ut frå det – eg har ikkje noko nummer enda. Det kjem med tida får eg håpe… Kjøpet foregjekk på kvelden, så kontoret der vi skulle søke om sim-kort i, var stengd. Difor blei vi invitert på restaurant i staden for, for å drikke ein kopp med te. Mannen som var med oss – Andy – er den tekniske, som har peiling på telefoner og sånt, så han var hyra inn for anledninga. Teen kom, vi drakk og kosa oss. Vi kom inn på eitt eller anna med mat, og det heile enda med at vi fekk bestilt mat – måmå. Det er ein fantastisk rett med kjøt, lauk og krydder pakka inn i mjøl- og vassdeig. Høyrest kanskje ikkje så godt ut, men sleng på litt saus (gjerne med chili), så er det nydeleg! Andy måtte dessverre gå, men eg, Kristin og Marianne sat att og åt. Først eitt fat, så to fat til! Dama som hadde laga dei var veldig fornøgd i etterkant i alle fall…
Fredag var vi ein tur oppom ei ledertrening som hadde vore den veka, og fekk med oss slutten av kurset OG middag. Det var ris, daal, curry og kylling. STERKT!!! Men utruleg godt.. Elles gjekk dagen for det meste til å skrive andakt til laurdagen. (folka på biletet har nettop fullført eit kurs i lederskap. Tenk om eg hadde forstått nepali, så kunne eg og lært noko av det!)
Laurdag starta ikkje veldig bra. Eg og Marianne las gjennom andakta vi skulle ha på gudstenesta, og vi hadde ikkje meir enn 10 MINUTT!! Det var rett før tårane kom. Vi fann ut at det ikkje var så mykje vi kunne gjere med den saken, så vi bestemte oss for å sleppe litt taket i manus, og prate sjølv. I tillegg ba vi om at ting måtte gå betre enn då vi øvde. Vel framme i Bhaktapur møtte Nishan (vår nye venn) oss, og vi gjekk i lag til kyrkja. Det er eigentleg bare eit rom over ei leilighet, men ei utruleg god stemning. Vi trudde ikkje andakta vår skulle oversettast til nepali, så då vi fekk vite at det skulle ho, var det bare fryd og glede. Gudstenesta starta med 45 minutt lovsong, før det
var vår tur. Eg trur nervane var synlege i mils omkrins, eg kjende magen min forholdsvis godt, ville eigentleg bare gøyme meg under eit teppe. Men – andakta gjekk BRA!! 30 minutt gjekk som ein leik, og folk kom bort etterpå og skraut av det vi hadde sagt, at det utfordra og var bra (eg vil ikkje vurdere ei gong om det bare var for å vere høflege dei sa det. Eg tar det som positivt…)! Resten av dagen gjekk vi rundt i lag med Nishan og kompisen hans. Vi var rundt over alt, såg mykje rart og mindre rart. Mellom anna var vi opp til eit hindu-tempel, det var veldig rart å vere der. Eg hadde ei uro inni meg medan vi var der inne, mange gudar, raud tikka, blomar og bjøller over alt. Letta var eg i alle fall då eg kom ut at! Vi møtte på mange kristne ungdomar, og i lag gjekk vi til ein stad der det er veldig skittent og lukter fælt. Alle desse ungdomane sette i gang å feie og rydde den plassen, noko som er arbeid for dei kastelause. Mange kom bort og lurte på kvifor dei gjorde det, og på den måten fekk ungdomane fortald om Guds kjærleik og korleis dei prøvde å vise
det i praksis. Sterkt! Folk blei interesserte i å komme til kyrkje og alt, så dette er noko som kan overførast til Noreg, om enn i ei litt anna form kanskje…
Seinare på kvelden var vi ute og åt, måmå igjen.. Denne gonga med ein annan saus, så litt variasjon var det! To jenter og to gutar ute og et i lag, seier ikkje meir… Laurdagen var alt i alt veldig god!
Søndag var vi på internasjonal gudsteneste! Det var godt å sjå andre folk som ikkje er frå Nepal, ikkje at det er noko gale med dei, eg digger nepalesere, men då det kom nordmenn bort, var dagen heilt topp! Vi fekk prate norsk med andre enn oss på teamet, og fekk mange idear og tips om ting som kan gjerast/etast i Kathmandu. Eg sat og åt, i hovudstaden i Nepal, og prata med ei frå Kristiansand OM Bykle!
Det var ei merkeleg oppleving!
Måndag skjedde det ikkje så mykje, eg var åleine heime. Det var godt og nødvendig.
Tysdag (i dag) har vi vore på Durbar Square. Det er ein gammal del av Bhaktapur, med mange tempel og fullt av turistar. Det var moro, eg følte meg som ein turist. Husa var fine, mykje utskjæringar og det heile. Ein ny hindu-festival starta i dag, lysfestival, så nå har eg heilt julestemning her. Over alt rundt oss er det blinkande og mangefarga lyspærer, i tillegg til at folk skyt med kraftige kinaputter…
Eg kunne fortsatt i ein evighet, men eg trur dette er alt for langt allereie, så det får bli neste gang!
Forklaring til bileta: øvste: Studentar som er ferdig med eit vekeskurs innan lederskap. Mannen til høgre er sjefen vår, KP. Nr. 2: eit tempel vi var opp til på laurdag. Rart å sjå korleis tempel er på ordentleg! Nr. 3: Nishan og kompisen er med og rydder/feier gata. Nr. 4: Føtter blir både såre og skitne etter ein dag i tåsko på ikkje reine vegar! Durbar Square. Nr. 5: Nishan, Kristin, Sigrun, Raadha og Marianne nyt fersk kokosnøtt i Durbar Square. Nam! Nr. 6: Durbar Square.


Grøss og gru. Eg åt, åt, åt, åt, åt og åt, til slutt gjekk det bare ned på trass. Magen var full, dessertmagen var full, halsen var full og enda hadde eg eit halvt fat att med mat!! Til slutt klarte eg å få ned all maten, då var eg ikkje så lite stolt av meg sjølv, og passe grusomt stappmett. Det overgår alt eg har kjent før, ingen tvil om det! Etter mat fekk vi ein kopp te, og den var det bare så vidt eg fekk ned. Hadde eg lukka opp munnen er eg sikker på at alle som hadde villa hadde kunna sjå maten eg hadde ete. Men men.