Eg trudde ikkje den dagen kom til å komme då eg lengta etter regn, bare ein liten drope, sånn at støvet kunne legge seg litt. Men, tydelegvis er det også noko å ville ha.
I dag var eg og Kristin på "visitt" på eit kontor for skulefornying i Nepal (ECEC), for å raportere om livet vårt på landsbygda for nokre veker sidan. På kontoret arbeider det ein norsk misjonær, og etter møtet var vi med på ein rundtur på bygget. "Det ser ut som at det kjem til å regne i dag" sa ho. WOW! For ein spektakulær tanke! Regn! Er ikkje det å gå litt for langt, tenkte eg. Men, May-Britt hadde rett, og fem minutt etterpå kom det eit par droper. Nok til at eg var glad og fornøgd.
Resten av dagen har det lyna og tordna, men det har ikkje komme så mykje som ein drope til. Heilt til eg skulle gå heim att frå sentrum. "Himlens sluser" opna seg (i alle fall litt), det kom såpass med vatn at asfalten glinsa. Det er noko av det beste eg har opplevd på ei god stund, dei første dropane vatn eg har kjend frå himmelen sidan heilt i starten av oppholdet vårt her, i oktober.
Sidan det ikkje har regna her har vi hatt 16 timer straumkutt (rykta seier at det skal aukast til 20 t. i døgnet), folk har ikkje vatn, og støv og eksos blir mange ganger verre enn det eigentleg er. Den siste veka har eg ikkje sett himmelen, men eit grått lag som ligg litt over hovudet mitt. Dei få gongane det har vore mogleg å sjå sola har ho vore raud, grunna all forureininga.
Det kom ikkje regn i desember, og ikkje i februar (dei to tidene der det skal komme litt regn i følge kjeldene mine), men i dag kom det litt. Ikkje nok til å fylle elva her, som er nesten heilt uttørka. Ikkje nok til å redusere straumkutta. Ikkje nok til å gje folka her vatn i haugevis. Men, nok til å få støvet til å legge seg for ei lita stund, og nok for at eg blei litt blaut i håret.
Hurra!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar