Laurdag var det skitur med bål, pølser, kakao, kvikk lunsj, appelsin og lange bakker å renne i, altså typisk påske. Kan kanskje la være å nevne at regnet starta då vi hadde pakka sekken, og at det hølja ned då vi kom inn att i bilen.
(stemningsbilde frå i fjor, då var veret litt betre enn denne påska...)
Søndag var eg på gudsteneste, og sang "Deg være ære" av full hals. Det å høyre tale på norsk, synge norske salmar, delta på norsk liturgi (jadda, eg er ikkje så forandra nemleg) var heilt fantastisk, og noko eg hadde gleda meg til lenge på forhånd.
Tysdag reiste eg tilbake til Hald, etter å ha vore hos bestefar og prata litt med han.
No er Hald det som er mest aktuelt, har hatt mykje bra undervisning dei tre dagane vi har hatt det, og eg gler meg til det som kjem. Kjenner spesielt at bibelundervisninga skal bli god, å få påfyll og lære mykje nytt!
Som ei avslutning må eg få uttrykke min kjærlighet til denne jenta. Ikkje så lenge att no, Ingebjørg! Kan love deg ein knuseklem og eit høgfrekvent hyl :-)
6 kommentarer:
Takk for at kvar einaste menneskesjel med internettilgang nå kan nyta synet av meg i dusjhettå.
Og takk for det andra og, eg telle ner!!
Eg vil og takka for at adle kan sjå Ingebjørg med dusjhettå! Flotte greier Sigrun!
Tusen takk for at du ringte! D va den beste starten eg kunne fått på ein sundag. Og med deg kom sola!
Berre sø synd at du forsvann utpå dagen!
E meina sjølvsagt at sola forsvann, ikkje du!
Aw, det høres litt deilig ut å komme tilbake til Norge! Det er ikke så lenge til jeg er i samme situasjon nå. Må si jeg grugleder meg, men det vet du sikkert åssen er! :) Håper i alle fall at du har hatt en kjempefin tid i Nepal og at du har lært masse. :)
Ååhhh! Jeg savner Ingebjørg og dusjhetta hennes. Knuseklem sendes fra meg og:)
Legg inn en kommentar