onsdag 14. januar 2009

Heime att



Etter to veker på tur er eg tilbake i Kathmandu. Det var rart, men då flyet sirkla over byen før det landa kjende eg ei merkeleg ro som seig inn over meg. Det er her eg skal vere! Biletet er tatt frå flyet, det er ikkje skyer som kan sjåast i bakgrunnen, men Himalayafjella. Med det fantastiske kameraet mitt fekk eg ikkje fjella tydelegare, men synet er noko som tek pusten frå meg! Og her BUR eg! Snakk om heldig jente!

Infield var fantastisk, det heile starta på flyplassen i Bangkok på veg til Laos. To kjende fjes (Øystein og Agnar, lærarane våre), kom spradande nedover trappene. Og betre blei det! I Laos (Vientiane) venta fire jenter og to gutar på oss - Thailand- og Laosteama var klare for ei veke med mykje artig.



Undervisninga vi har fått har vore akkurat det eg trengde, litt for påfyll og litt for ettertanke. I tillegg har det vore ubeskriveleg godt å ha eit åndeleg fellesskap på norsk - med norske songar og norsk "tale".
Innimellom all undervisning hadde vi ein aktivitetsdag. På den eine dagen var vi på grottevandring. Fire grotter blei besøkt, derav ei med fantastisk akkustikk. Det å stå langt inne i eit fjell og synge "Laudate" og velsigninga var ei sterk oppleving som kjem til å sitte i ei stund!
Vi sat i tube (ring) og segla nedetter elva for å komme oss tilbake til hotellet att. På vegen stoppa vi ved nokre slenghusker, utruleg morosamt. Eg starta frå ei platting som var mellom 10 og 12 meter over vatnet, og holdt meg fast i eit taug. Då eg hoppa fauk tauget bortetter ei line, og eg kunne sleppe der eg følte for. Trur eg slapp på ei høgde mellom 10 og 12 meter, fantastisk moro!

Tilbake i Kathmandu var vi ikkje aleine, Øystein lærar var med. Det førte til tur til Nagarkurt, ein stad der ein på ein klar dag har utsyn heilt til Mt.Everest. Vi stod opp klokka 5 på morgonen, gjekk 6 km til eit utkikkspunkt for å kunne sjå soloppgangen derifrå. Dette er den fantastiske utsikten vi fekk:



TÅKE! Trøysta var at kvelden før såg vi litt meir av fjellrekka, men det er litt surt å vite at fleire morgoner før hadde det vore heilt klart. Uansett overlever eg heilt fint.



("Nød lærer naken kvinne å spinne" heiter det. Kva gjer ein når ein knapt kjenner føttene sine fordi dei er kalde? Varmer dei opp med dei varmekjeldene som er, då vi var til Nagarkurt var det stearinlys.)
Halvvegs i opphaldet bytter vi litt arbeidsoppgåver. Frå no av er det bibelgrupper som er hovudaktiviteten, i tillegg til meir arbeid med Laget her. Eg trur det blir veldig gøy.

5 kommentarer:

Eyvind sa...

Fett! Kan tenke meg det maa vaere kult aa se opp paa verdens hoyeste fjell i taaka:p

Signe sa...

Skulle gjerne vore med deg ut ein tur der du er no!

Anonym sa...

Jeg var i Nagarkot en tur da jeg var i Nepal! Gikk også opp til utkikkstårnet, men så en god del mer enn det dere gjorde.. Men jeg aner ikke om jeg så Mt. Everest. Høye fjell er det nå uansett.

Gleder meg til mer blogging, er gøy å følge med på det dere driver med. :) Kanskje jeg tar meg enda en visatur til Nepal før jeg skal hjem til Norge..?

Anonym sa...

Kjekt med rapportar! :)
moderen i Bykle

Cecilie sa...

Hehe. Måtte le når jeg leste bloggen din! Takk for flott Infield! Håper dere snart får varmen igjen. Og at tåken forsvinner ;) Lykke til! Hils teamet!!