mandag 29. september 2008

Ei helg er over...

Og trist er det. Men, for det første: Solgunn og Tarjei: Gratulerer!! Så utruleg koseleg, kan ikkje si noko anna...

Men, tilbake til helga. Eg har hatt det utruleg bra, og møtt folk eg er veldig glad i. For det første var eg heime på fredag, og fekk med meg bursdagsfeiringa til pappa, som blei gammal mann. På laurdag gjekk turen til Høydalsmo, der eg traff denne karen (om enn utan flytevest)....
Så putla den blå Seaten vidare til Kvitsund, der denne jenta venta i "spenning"

Utruleg koseleg å treffe att begge to, den eine var det nesten 7 vekar sidan sist eg traff, og det var tre veker sidan ho andre sist knuste brystkassa mi i den hardaste klemmen du kan tenke deg. Utruleg godt var det å treffe begge to att i alle fall! Eg er heldig som har folk som eg er så glad i, og desse to er bare to i mengda av gode vener og familie som eg har!!! Det er rart å tenke på at det er over eit halvt år til neste gang eg treff "folk", men eg har bestemt meg for at det skal gå bra, så da får det heller bare gjere det!!!

I Bykle er det haust for alle penga no, fjella lyser av raudt, gult, grønt og brunt i ein kombinasjon som bare hausten klarar å få fram. Det er godt å få vere heime litt før heile livet snur seg på hodet om eit par dagar...

Eigentleg er det ikkje meir å melde frå denne kanten no, men det kjem vel meir om nokre dagar, då eg har blitt asiat!!! Forresten - viss nokon tilfeldigvis er på Kjevik klokka litt før halv sju onsdag morgon, er det bare å vinke - for då går flyet mitt :D

tirsdag 23. september 2008

Dagane

For tre månadar og to dagar sidan slutta eg på Kvitsund.
For tre månadar og ein dag sidan begynte sommarjobben min.
For ein månad og 10 dagar sidan begynte eg på Hald.
Om tre dagar er haustkurset på Hald ferdig, og eg reiser heim.
Om åtte – ÅTTE – dagar er eg på tur ut i den store verda, på eit fly mellom Amsterdam og Bahrain.
Om ni dagar er eg i Kathmandu. Gubban, det er ikkje lenge igjen! Eg forstår ikkje kvar dagane forsvinn, eg har i alle fall ikkje lagt merke til at dei har komme og gått… På dei sju dagane som er att før avreise har eg div. ting eg skal gjere. Besøk i Høydalsmo er eit punkt, overnatting hos Ragnhild på Kvitsund er eit anna. Eg gler meg!!! Pakking bør det kanskje og bli litt av, og da er spørsmålet til alle verdensvante lesarar av denne bloggen: kva MÅ eg ha med?? Kva er det eg ikkje overlever uten? Ver så snill å ta med i berekninga at eg bare får ha med meg 20 kg, så stein frå heia heime er ikkje så veldig aktuelt…

torsdag 18. september 2008

KJÆRE INGEBJØRG (og alle andre)

På søndag traff eg venen vår att. Han var ikkje så veldig redusert, men såg nesten glad ut då vi møttes. Førsteinntrykket mitt var likevel ikkje så positivt, HSD er eit ganske oppsummerande stikkord som kanskje ikkje sier så mykje. Kva skjer med at sjåførane ikkje er så blide?? Men, til slutt kom beskjeden: ”Nå haR vi kåmme te Åmot, og heR bliR det pæuse til kvaRt øve to, kvaRt øve to. I tillegg e da korrespondanse te Dalen og Ræuland, såmm gåR vidæRæ klåkka to.” (R= tydeleg skarre-r) Etter pausa var det ein ny mann på, ein smukkas frå Telemark. Du kjenner nok kjensla att tenker eg, når Telemark Bil sin sjåfør kjem, og ganske roleg opplysar om at han skal vere sjåføren vår vidare. Vi køyrde, og kom til Brunkeberg, men eg trykka ikkje stopp. Vi kom til Seljord, og eg gjekk ikkje av (men såg mange folk med bøsser frå Kvitsund – du kor glad eg var for ikkje å stå der i regnet!!!!). Kjære Ingebjørg, eg trur du forstår at det var ein vemodig tur med vår kjære Haukeliekspress, ei tid er over!!! Eg kom meg til slutt til Oslo (og så nevner vi ikkje at eg ikkje fann vegen ut av bussterminalen… bønder i byen veit du;P ). Med venleg helsing frå Sigrun.
Puuhhh. Nå er det snart ny helg, så det er kanskje på tide å oppsummere kva som har skjedd… Det desidert koselegaste er at eg har besøkt Solveig!! Frå søndag til måndag var eg på besøk i den ”forholdsvis” fine leiligheta ho bur i. Utruleg digg å kunne sitte til langt på natt og prate, det blei nesten som Kvitsund igjen! Jenta var kanskje litt redusert som følge av operasjonen, men Solveig er alltid Solveig, og eg er veldig glad i ho… Snørr og tårer spruta ganske fritt måndag ettermiddag, då tida hadde komme til å si hadet. 6 månedar til neste gong!!! WÆÆÆÆ.
Grunnen til at eg i første omgang var i Oslo var at vi på lagslinja på Hald besøkte hovudkontoret til Laget. Det var faktisk veldig gøy, lærte ein del nytt, og så har eg helsa på lederen for laget i Noreg (for uinnvidde: omtrent som Ola Tullen i NLM :P) Etter at programmet på hovudkontoret var ferdig, var det om å gjere å vere turist i hovudstaden – så det var ”guida tur” for alle penga. Vi fekk med oss hovudskiftet eller noko av gardistane på slottet, der Stabsmusikken kom masjerande opp Karl Johan. Tårane sprengde på, og magen knøyt seg som ein klump til synet av folk som kom masjerande opp gata med marsjar, og for eit hardbarka korpshjarte var det plent for mykje å høyre ”Gammel Jegermarsj” utanfor slottet. Frøknene Litleskare/Egeland tørka nok begge både snørr og tårer under dei flotte tonene som blei pressa ut av meir eller mindre gamle gubber. Forholdsvis mange bilder blei og tatt, av gardistar i uniform. Hilde lærte seg noko nytt – visste du at gardistar faktisk får lov til å prate?? Viss du spør spørsmål kan dei svare viss dei vil. Det resulterte i at vi blei kjend med Mads frå Oslo på 20 år, som stod vakt framfor hovudinnganga til slottet. Stas.
Operaen blei også beglodd og befotografert, gruppebilder og heile pakka. Ganske gøy å ha vore der eigentleg, ikkje bare kjørt forbi!!!
Resten av veka har vore undervisning i ulike tema, KRIK i går, Fredskorpset i dag. Mykje spennande, KRIK-dagen var eigentleg mimredag, mange gamle leikar som blei tatt opp att (haien kjem, bøtteleiken, div. typer tikken osv.)
Men – nok for denne gang, skal prøve å bli litt flinkare til å oppdatere, og heller ha kortare innlegg!!!

onsdag 10. september 2008

Øppdeit

How to write a paper? Dette spørsmålet kom på måndag, og bekrefta kanskje at året på Hald ikkje er fri. Så alle dere som meiner at dette bare er eit år for å slappe av må kanskje revurdere meiningane deres om Hald. Blei eigentleg gira på å skrive då vi fekk orientering om korleis ting skal vere. HURRA, hjernen min får i alle fall eit par omgangar med støvtørk i år og!!
Elles har eg hatt åtte timar på to dagar om ”spiritual gifts” der meininga var at vi skulle finne ut meir av kva våre eigne nådegåver er. Eg følte meg eigentleg ganske utfordra i løpet av dei timane, eg kjenner at eg ikkje er så vand til å prate om og tenke på ”sånne ting”. Kan kanskje ikkje si at kyrkja heime har hatt det største fokuset på nådegåver… Men – eg overlevde timane og var ganske fornøgd med det!
I går hadde vi i tillegg timer om pakking og reise. HJELP!! Eg er ikkje heilt klar for dette kjenner eg, om 21 dagar er eg på flyet mot Bahrain. Scary movie del XXI starts 1.october 2008. Men, dette blir knallspennande! Vi såg ein filmsnutt frå Bangladesh i dag, og det går i alle fall an å tenke seg at Kathmandu ser ut omtrent som det…
I morgo begynner langhelga mi, vi har fri på fredag, og då er det Bykle for alle penga for denne jenta. Alle som er i området er hjarteleg velkomne på besøk (som om det kjem til å skje liksom!!) Sjølv om eg var i Grimstad på hytta i helga (jada, veldig koseleg, slappa mykje av og sov MYKJE) skal det bli godt å komme heim, til måltid eg kan velje tidspunktet på sjølv, ei stue, piano som alltid er tilgjengeleg og så vidare. Trur det kallast internateffekten at eg gler meg til sånne ting!
På søndag skal eg til Oslo, vesle Sigrun åleine i den store, skumle byen.. Grunnen er eigentleg at vi skal inn på hovudkontoret til Laget på måndag, og sidan vår alles elskede Haukeliekspress ikkje går til alle døgnets tider må eg inn dagen før. Då er det greitt å ha kjente i den store, skumle by. Solveig, du Solveig no kjem eg snart til deg :D Det blir fantastisk stas, eg gler meg som ein unge!! (Håper eg finn ut av buss-stasjonen…) Båttur i Grimstad og dette bildet blei tatt - av MEG!!
Så over til noko ganskeså anna: For tida ser eg for meg Kathmandu som ei lita bygd. Bare smak på namnet. Kathmandu. Det høyrest ganske lite ut spør du meg, så eg klarer ikkje å sjå for meg plassen som ein stor by, den er i alle fall ikkje større enn Mandal!! Eigentleg bør eg kanskje innsjå at bildet eg har av ”bygda” eg skal bu i ikkje er heilt rett. Kathmandu er ein millionby med fleirfoldig millionar innbyggjarar. Wæææææ!! Vesle meg frå Bykle (350 pers), kom til Kviteseid (ca.800 pers?), så til Mandal (tja, kanskje 15 000 pers?) og så til Kathmandu (x 000 000 pers)!!!Korleis kjem dette til å gå?? Eg har hatt ein glidande overgang til nå, men med det tempoet eg har hatt på auke i folketal kvart tredje år tilsier kanskje at det tek ganske mange år før eg kjem opp i ein sum av fleire millionar innbyggjarar. Får i alle fall satse på at eg ikkje blir ei byberte:P Bykle du Bykle <3
Innimellom all undervisninga rekk eg å vere litt turist i løpet av desse vekene. Eit døme er i dag, då eg, Liv Astrid og Christine var til Lindesnes fyr. Så – nå har eg vore på det som under diskusjon kan kallast Noregs sørlegaste punkt! Yessssss…
Elles er det ikkje så veldig mykje nytt å melde frå livet på Hald. Tida går skummelt fort, men bortsett frå det er vel alt som det skal rekner eg med. Mi talast neste gong!!

torsdag 4. september 2008

Jah, PANG, og der var den nye bloggen heilt oppe å gå (den gamle finst fortsatt, men ikkje i oppdatert versjon før neste år…) Dei siste dagane har eigentleg gått i eitt med ganske mykje å gjere, og mykje god undervisning. Hodet er fortsatt fullt kvar kveld, og det er heilt sprøtt å tenke på at eg har vore her i tre veker!! Eg er veldig glad for at eg ikkje er i Nepal heilt enda, det hadde vore veldig vanskeleg å komme rett ut utan noko form for oppstart i Noreg først… Vi har fått mykje ”opplæring” i bistand og humanitært arbeid føler eg, i tillegg til at vi som går på lagslinja har hatt noko om det å vere ein leiar. Gama er det rette ordet for å beskrive den undervisninga! På fredag hadde vi eit opplegg som heiter ”President for a day” – vi blei satt til å styre eit heilt nytt land. Alt gjekk så flott i starten, men det enda med massemord og opprør (Aamaas jr…) Fann i alle fall ut at eg ikkje egner meg som president i løpet av dei timane, det var greitt å få på det reine!
Vi har og hatt ”Walk and talk” – der vi rett og slett walka og talka. Eg, Marianne og Kristin gjekk i lag – temaet var vår eiga tru. Dette har vi hatt ei gong før og, med teamet vi skal reise med, men då var temaet meir oss sjølv. For å bli kjend med folk og få prata om ting vi kanskje ikkje ville snakka om elles er det ein god ide å reise ut på tur. Alt er så mykje lettare å prate om på ein tur – er dere ikkje enige??

Team Asia!!

I dag skjedde det to store ting. For det første fekk eg ei melding. Den var frå ein mann i Telemark KrfU som lurte på om eg hadde flytta. Grunnen var at dei hadde fått medlemsbladet i retur. Eg fekk på den måten takka nei til vidare lesing av det magasinet:D Det andre som skjedde var mykje koselegare, då eg kom til lunch (middag) låg det TO brev til meg på bordet (som tilsvarer posthylla). TUSEN TAKK Solgunn og Ragnhild! Det var kos, eg følte meg ganske viktig for å si det på den måten, det er ikkje kvardagskost på Hald ei gong å få to brev på ein dag. Eg godta meg storvegs…

I går hadde vi eit foredrag om fysisk helse, der det kom ei dame og snakka mykje om ulike sjukdomar/smitter du kan få i utlandet. Det var interessant, eg blei litt gira på å reise då eg høyrde om alle sjukdomane du kan få. Rart, men sant!
I dag har temaet på skulen vore ”conflict management”. Det er eit tema det eigentleg skulle ha vore undervist om på alle internatskuler etter mi meining. Vi lærte om ulike måter å takle problem på, og korleis folk er veldig ulike. Det kan vere godt å ha med seg på tur til ein annan kultur. Ei bok eg las i går er ”Fortrolig med det fremmende”. Den BØR lesast av alle som skal ut i ein annan kultur for å leve der meir enn på ferie. Fantastisk bok, ikkje meir eller mindre!

Ei anna fantastisk bok eg har fått kom i dag. Det er ein studiebibel på engelsk som blei bestilt for eit par veker sidan. Sjokket var stort då pakka blei opna i dag, og størrelsen på bibelen blei gjort kjent: Den var GIGA!! I alle fall for tung for mine 20 kg bagasje til Nepal, så det blir interessant å sjå kva som blir resultatet av dei neste dagers tenking på kva eg skal gjere med den. Nokon forslag??? Trur vekta er opp mot 2 kg!!

Viss du har overlevd å lese alt dette er eg imponert, så eg skal slutte nå! Resten får eg heller spare til ei anna gong. Ståki!

Ny blogg, nye muligheter!

yepps, så e d gjort. Ein heilt ny blogg, komponert spesielt for dette året - det O Store året eg e på Hald. Må egentlig bare legge ut eit innlegg nå, så kjem eg sterkare tilbake seinare:D