Då eg i mine glansdager på Kvitsund hadde ØI (Økonomi og informasjonsbehandling) lærte eg om kjøpslova. Eg må kanskje innrømme at det ikkje var akkurat det temaet som interesserte meg mest på den tida, men litt sit att etter tre år (sprøtt kor fort tida går forresten). Kjøpslova skal (viss eg ikkje hugser heilt feil) ta seg av interessa tli kunden, og sikre at kunden får varer til god kvalitet.
Så - kvar er krafta til denne lova når eg treng ho? Ikkje i Nepal i alle fall. Grunn:
Øyreproppar.
Eg hadde med meg eit flott eksemplar frå Noreg då eg reiste heimafrå. Etter to månadar bestemte dei seg for å slutte å spele musikk (eller lydbøker) på det eine øyret, kvifor ha lyd på to øyrer når du kan ha på eitt? Godt poeng. Desse øyreproppane blei sendt heim att med Øystein lærar som kom på ein snarvisitt i januar, og Sigrun hadde kjøpt seg nye. Desse nye proppane blei tatt i bruk så tidleg som i desember, og kjøparen var særs nøgd med resultatet. Men, kva skjer? I midten av januar bestemmer proppane seg for å ikkje fungere dersom leidninga ligg i 90 graders vinkel ein bestemt stad. Frustrasjonen stig hos kjøparen, men sidan øyreproppane blei kjøpt utan kvittering (noko som tydelegvis ikkje var smart, men som ikkje blei tenkt over i kjøpsminuttet) er det ikkje mogleg å bytte.
"Klok av skade" går Sigrun atter ei gong til butikken og vel seg eit par nye propper (start februar). Denne gonga følgjer det med ei kvittering, som blir passa veldig godt på. Etter omtrent nøyaktid ein månad dør også desse proppene, men Sigrun traver av stad til butikken, og slår kvitteringa i bordet. Ei kvittering med både dato og pris. Alt ser veldig lyst ut, heilt til (butikk)sjefen sjølv kjem, og opplyser at det er ein dags garanti på slike forbruksgjenstander. Sukk og stønn.
Så, mine kjære trufaste lesarar; er dette rett? Har ikkje den stakars kunden her rett på litt lenger garanti? Grav fram det som finnast av kunnskap på området, slå opp i Noregs lovar (eller kanskje heller Nepals?)og finn svaret! Må Sigrun faktisk gå til innkjøp av det som blir dei fjerde øyreproppane i løpet av litt meir enn fem månadar? Det er opp til deg å dømme.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar