fredag 3. oktober 2008

Visste du at....

Dusjar kan hoste? Det visste ikkje eg i alle fall, før eg fann ut at dusjen vår her har konstant bronkitt. Eg syns det er verkeleg morosamt, det gjev litt ekstra krydder til kvardagen når det ikkje er sikkert at all shampoen blir skylt ut…
Som eg satsar på at de forstår, har eg komme trygt fram til Nepal, og godt er det. Har faktisk vore her i to dagar, det er litt sprøtt å tenke på! Første døgnet her gjekk som i ei ørske, etter totalt 26 timer på reise med 5 timer søvn i løpet av to netter var eg passe trøtt. Det hindra oss ikkje frå å reise på leir første dagen. I Nepal – og antakeleg vis andre hinduistiske land – er det ein stor hinduistisk festival denne månaden. Laget i Nepal, NBCBS, arrangerar leir i løpet av den tida, leiren vi var med på var ein tredagars leir for studentar i og rundt Kathmandu. Det var ei oppleving å vere med på, alt var veldig forskjellig frå ein typisk lagsleir i Noreg. Musikken, lokala og møtet er ikkje til å samanlikne eigentleg. Eg rekner med at talen var bra, men kan ikkje innrømme at eg forstod mykje anna enn orda ”takk”, ”Jesus” og ”dere”. Men – då fekk eg i alle fall bekrefta at møtet var kristent om ikkje anna!
B-mennesket Sigrun må herved leggast på hylla, døgnrytmen her er litt annleis enn i Noreg nemleg. Opp ca. klokka 6, frukost halv sju og så begynner dagen. Det første møtet på leiren i går begynte klokka 7, og folk virka faktisk opplagte! Tar nok ei stund før eg er det så tidleg på dag… I dag er det laurdag, og vi spurde KP – sjefen (og han vi bur hos) vår om når det var frukost. Kjøkkenet vårt er ikkje oppe og gå heilt enda, i lag med badet, så vi et hos familien i etasjen under så lenge. I alle fall, svaret hans var at vi ikkje trengde å stå opp så tidleg, frukosten kunne vere litt sein sidan det var laurdag. Passa klokka åtte?? Jada! Var i alle fall 1.5 timer meir søvn:P
Framover blir det ikkje så mykje arbeid på oss, KP skal på div. leirar i andre delar av landet. Planen er difor å drive sjølvstudium i 12-14 dagar, og kanskje bli litt kjend med området rundt. Håper vi kan ta ut pengar i morgo, til å kjøpe vatn. Føler meg ikkje heilt OK med å måtte låne pengar av familien her til alt vatnet vi drikk. Filter har ikkje komme i hus enda, det held nemleg ikkje bare å koke vatnet!
Straumen blir kopla av i 1-4 timar kvar dag, for at ikkje forbruket i Kathmandu skal vere for høgt. Til vanleg er straumen borte på kvelden, så då tyr vi til stearinlys, ganske stemningsfullt! Klokka halv 7 er det svart ute, så då er det ikkje så mykje anna å gjere enn å vere inne, kanskje lese litt, eller bare prate. Til nå ser dette bra ut!!
Dette var bare eit lite glimt av korleis eg har det til nå i mitt nye ”heimland”, meir kjem seinare. Bilete kjem og, men internetten er ikkje så "sterk" eller noko, så eg får ikkje inn bilete enda.

3 kommentarer:

Kristian Alfsvåg sa...

Fint å høre at du overlevde turen! Og endelig har Ingebjørg fått konkurranse i "mest spennende land å blogge fra". Måtte du få et lærerikt og spennende opphold.

Martha sa...

kjekt å lesa:) håper du får da bra der. ser ut som da går bra til no vertfall:)

Signe sa...

Sø rart å lesa og tenkje på at du æ heilt "der" borte og ser og opplev ting som eg kje kan førestille meg ei gong. Gler meg te å høyre meir frå deg og å sjå bilete!