søndag 12. oktober 2008

Eit glimt frå dagen i går.

Vi var på besøk hos søstera til ho vi bur hos, og skulle få mat der. Vi satt oss ned, og inn kom det fem fat med mat: Eit med ei krydderblanding som smakte nesten pepperkakedeig, to med nokre rosa puffegreier som smakte litt såpe, og noko midt i mellom flatbrød og tortillaskjell men søtt, og dei to siste var med noko som smaker som raspa reddik med bitter saus og curry, og kjøtt. Vi begynte å ete, og prøvde å smile og vere høflige. Prøvde i alle fall! Eg prøvde ein bit av det eg til då trudde var kjøtt. Det var seigt, hadde konsistens som ekkelt "godt og blandet"-godteri, smakte mindre godt. Eg klarte å få tygd opp den biten eg hadde tatt, og svelgt den. Yess da tenkte eg, ikkje meir av det i alle fall! Vi åt opp nesten resten av det andre på fata, men orka ikkje meir av "kjøttet", som vi då hadde fått vite var GEITEINNVOLLER!

Så kom Maya - ho vi bur hos - og sa (litt strengt) at vi måtte ete opp alt. Skrekk og gru, det var MYKJE "kjøtt" att!!! Eg åt og åt og åt, ca. halvparten av innvollane, medan dei andre to delte på den andre halvparten. Takk mamma og pappa for "litt av kvart"-regelen, der eg har lært å stappe ned mat eg ikkje liker! Den hjalp i alle fall meg til å ete opp "maten". Eg klarte ikkje å la vere å brekke meg, det var så ekkelt at det ikkje kan beskrivast med ord, alt anna eg har ete i livet mitt har vore betre. Til slutt hadde vi klart å ete opp all maten, og var passeleg mette alle tre. Då fann vi ut at dette bare var forretten!

"Nå er det mat" fekk vi høyre, og gjekk inn i neste rommet, der det var pådekt på golvet. Denne familien er hinduar, så dei er midt i høgtida, og hadde laga høgtidsmat, dvs mange ulike rettar til ris. Vi fekk: ris, soppblanding, bambusspirer, blomkålcurry, meir av det reddikbitreliknandetingen, ei søt, tjukk suppe, tomatchiliblanding, daal, eit suppelignament som kom i ei skål for seg sjølv. I tillegg fekk vi litt geiteKJØT (takk og lov for at det var kjøt) og ein liten bit fisk. Eg var begynnande mett frå før, men starta med godt mot fordi det ikkje var så mykje av kvar ting på fatet. Vi åt, sa "mitocha" - godt, og åt litt til. Då det begynte å bli tomt på tallerkenen, og eg for alvor begynte å kjenne mettheten senke seg over magen min, kom dei med EI OMGANG TIL!!! Grøss og gru. Eg åt, åt, åt, åt, åt og åt, til slutt gjekk det bare ned på trass. Magen var full, dessertmagen var full, halsen var full og enda hadde eg eit halvt fat att med mat!! Til slutt klarte eg å få ned all maten, då var eg ikkje så lite stolt av meg sjølv, og passe grusomt stappmett. Det overgår alt eg har kjent før, ingen tvil om det! Etter mat fekk vi ein kopp te, og den var det bare så vidt eg fekk ned. Hadde eg lukka opp munnen er eg sikker på at alle som hadde villa hadde kunna sjå maten eg hadde ete. Men men.
Resultatet av gårsdagens besøk er at eg fortsatt er mett, 22 timer seinare, og gravid i 13. månad ut frå storleiken på magen... Eg trur magesekken min har hatt eit døgn fullt av nye inntrykk å fordøye, bokstaveleg talt!

Men - eg har ete geiteinnvoller, det var eigentleg poenget med heile historia, og det anbefalast IKKJE!

6 kommentarer:

Torleif Alexander sa...

Æsj, æsj, æsj..! Takk for denne "herlige" starten på dagen, seriøst geiteinvoller..? jaja.. Eg au æ gruleg mett for tida.. åt kebab i Tromsø i går.. den va heilt grei.. haddkje ete ana enn frukost og masse kaffi/kakao, så eg slo til med ein "mega kebab" :P stor nok.. :P klem

Ingebjørg sa...

Eg føle med deg som aldri før. Takk for praten i går, alltid koselig å hørra din vakre stemme, Desibel!

Signe sa...

Artig å lesa om dine gastronomiske opplevingar. Trudde sau og geit va temmeleg like eg, fø eg heve ete ein god del saueinnmat ette eg kom te Trøndelag og eg kan kje klaga. D va uvandt, men gøtt og no tullar eg kje!

Anonym sa...

Jeg liker bildene dine.

Solgunn sa...

Aaah! Du har tydeligvis fått smaka misjonærlivets bitre side! Du har min varmaste medfølelse!

Eyvind sa...

aloha!
Bra aa toye grensene sine litt:p