I går var vi på tur. Ikkje så langt, men det var som å komme til ei anna verd. Staden er Baktapur, som er ein av tre delar av Kathmandu. Ein av dei vi har fått kontakt med her, kjem frå Baktapur, og dei inviterte oss til å vere med på rishaustinga. Så sagt så gjort. Det var utruleg gøy! For det første kom vi oss vekk frå eksos og trafikkbråk for ei stakkar stund, for det andre fekk vi sjå natur/jorder. Rett og slett fantastisk!!!
Dagen førte til at eg har fått meir innsikt i alt arbeidet det faktisk er å dyrke ris. Rundt 15 personar var i full sving heile dagen, og ensa ikkje den heilt blå himmelen, den steikande sola og dei 26 gradane som førte til at eg er meir ei tomat enn eg er eit menneske i dag… Eg fekk til og med vere med på å kutte ris, det var moro, reiskapen var stuttorv, og folk sto med ryggen bøygd heile dagen lang. At dei gamle i Nepal har krokete rygg forstår eg bare betre og betre!
Så: korleis er det vi får ris på bordet vårt til middag? Jo. Først blir risplantene kutta (vel og merke etter at dei er sådd og har grodd i tre-fire månadar) og lagt i passe store haugar. Deretter blir dei bært over til ei slags maskin som ein må trø på heile tida for at ho skal virke. Der blir plantene lagt inntil, riskorna blir skrelt av og dett ned på bakken på andre sida. Der står det nokre folk som tek det som dett ned opp i ”siler” og hiv risen opp i lufta. Då bles støv og strå vekk, berre risen blir liggande att på bakken rett under. Risen har eit skal utanpå, og blir liggande å tørke ei stund, før den blir frakta til ein ”fabrikk” som tek av skalet. Stråa som blir att, blir lagt på bakken til tørk. Etter ei stund blir det bert opp att til huset, der det blir til mat for dyra, som oftast geit og ku. Det er det einaste av prosessen som ikkje blir gjort for hand/med menneskekraft, alt anna inneber rå muskelkraft! Det var som sagt ingen maskiner med på prosessen, vi fekk forklart at det var på grunn av landskapet. Eg forstår det godt, å få store maskiner inn på dei små platåa er umuleg, og eg trur det handlar litt om å drive tradisjonelt også. Det var som å komme 60 år tilbake i tid fann vi ut. Å få lov til å vere med å oppleve dette var heilt utruleg, og eg er veldig takknemleg for det.
Vi gjekk oss ein tur rundt for å sjå på området. Det var nydeleg der, mykje frisk luft og stillhet. Det var det beste trur eg.. Vi prata om laust og fast med kompisen vår, og det heile endte med at eg og Marianne skal halde tale på gudstenesta der på laurdag. Gubban, korleis kjem det til å gå? Den skulle ikkje vare så lenge, bare 30-45 minutt. Viss det blei så mykje lenger kom det til å bli kjedeleg meinte folk. Eg nikka og smilte, men inni meg vaks panikken. ”Bare” ein halv time! Og eg som ikkje har prata så lenge samanhengande som tale før.. SKUMMELT! På det noverande tidspunktet er eg virkelig nervøs, men eg håper det går bra. Vi er to som skal prate men tre som står der oppe, for Gud vil vere med oss. Takk og pris for det!!
Litt av grunnen til at eg reiste til Nepal var at eg ville bli utfordra, og det har eg blitt nå kan eg kanskje seie!!
onsdag 22. oktober 2008
Ut på tur..
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Hvor langt maatte dere kjore for aa komme dit dere var?
Forresten, naar det gjelder talen, saa skal dere tolkes ogsaa, ikke vel? Da maa du tenke at du skal tale halvparten av tida, dersom det er en liten trost!
Legg inn en kommentar