lørdag 18. oktober 2008

Mitt skip er lasta med...

...brødskive med leverpostei og agurk, eventuelt makrell i tomat
...stillhet
...tur ut i naturen, der det ikkje er bilar, menneske og eksos

Bortsett frå det er livet godt. Litt bivirkninger etter geiteinnvoller har det vore, men ikkje så gale, og nå er vi oppe og gå igjen så det er ingen ting å klage på! Sjefen vår kom heim att for eit par dagar sidan, så nå håper eg på at vi kan begynne å arbeide snart. Språkundervisninga vår startar visst i morgo (søndag), eg håper det blir bra, og at vi kan lære mykje av det.

Det er tydeleg at vi begynner å komme inn i ei vane her. Eit heilt sjølvsagt spørsmål kvar dag, er "veit du når straumen er borte i dag?". Rasjoneringar er kult det, og det er kos å ikkje ha straum på kvelden. Då er det stupmørkt ute, og inne sit vi med stearinlys... Lys er bra, alt blir veldig koseleg av levande lys på bordet...

Ein annan ting som vi er vande med, er å komme til ferdig mat kvar dag. Vi har ikkje gass til steikeplata vår, så det er familien vi "bur" hos som lager klar nepalsk mat kvar dag. I morgo skal vi visst få gass til plata, så da er det slutt på luksuslivet, då må vi lage vår eigen mat... Satser på det skal gå bra, første ting ut å lage er PANNEBRØD, med mykje grovt mjøl. Viss vi finn gjær i butikken vel å merke.

Den seiste veka har det vore noko gale med vasstilførselen i huset, så det har vore litt lite vatn her. Ikkje noka katastrofe sidan det ikkje er det vatnet vi drikk likevel, men det har f.eks. vore vanskeleg å få dradd ned i do... Dusjing har det og vore heller lite av i det siste, så då alle tre jentene hadde fått dusja i går (for første gang på 6 dagar), var det bare smil å sjå så langt augo rakk. Små detaljer er ting ein legg meir merke til når ein ikkje har tilgang på det, sånn som å dusje, frisk luft og andre slike ting...

Uansett, dette var eigentleg bare eit innlegg for å fortelje at eg framleis lever, og det ganske bra og! Bare dumt at grovbrød ville blitt så tørt i posten frå Noreg og hit...

4 kommentarer:

Anonym sa...

Godt du lever enda!
Håper pannebrødoppskrifta "mi" funkar! Var bønnevandring her i går, og der var det lappar med bibelvers som du hadde skrive (såg det på skrifta). Tja, kan sei eg sakna deg litt då!
Kos deg! :D
Ragnhild

Anonym sa...

Her sit eg og ser ut på Jarekollen i skyminga. Har grovt brød i brødboksen, men det hadde ikkje vore så verst med litt nepalesisk mat heller.
mamma

Solgunn sa...

Pannebrød ja, eg trudde fysst du hadde skreve pinnebrød. Så her e mattips frå meg: Pinnebrød!

Martha sa...

så kjekt å hørra at du vil følga med:) eg har følgt med på bloggen din ei stund og, kan eg sei;)