(Dette blogginnlegget skreiv eg på fredag, men internettet her har vore heilt ute av stand i det siste. Derfor kjem innlegget i dag, men les det som fredag...Bilete=uaktuelt pga. klikkesannsynet til nettet her.)
I dag har vi tre jentene vore ut på tur. Åleine. Stas. Målet var den danske ambassaden, der vi skulle søke om utvida visum. For å komme oss dit måtte vi komme oss til ein annan del av byen, til bydelen Kathmandu. Vi bur i delen Lalitpur, som er ein ”utkant”. For å komme oss til ambassaden tok vi først ein lokal buss, så drosje ei stund. Etter at sjåføren hadde surra rundt ei god stund, fann vi fram til slutt. Der fekk vi vite at for å få visum kan vi ikkje gå på ambassaden, men vi må til Nepalske immigrantmyndigheter eller noko. Takk skal du ha, dama på den norske ambassaden, som sendte oss hit! Men, det er ingen ting å sippe for, vi fekk kart med vegskildring, adresse og telefonnummer, og prøver igjen på søndag eller måndag. Då har nemleg kontoret opna etter ferie att. Viss vi faktisk hadde kunna fått visum på ambassaden hadde det ikkje funka likevel, vi må ta ut pengar først nemleg… Det var – uansett vellykka resultat eller ikkje – godt med ein tur ut i dag, for å sjå litt nye stader. På veg tilbake tok vi buss heile vegen, vi bytta til og med buss. Eg var vel kanskje litt stolt over at vi fekk det til.. Nepalsk rutebuss anbefalast for dei som kjem til Nepal, det er ei oppleving!
Ut frå kva eg kanskje har forstått, er finanskrisa det o store temaet i Noreg for tida. For ei lykke at eg er i Nepal da! Eg takler ikkje sånn masing om det same heile tida, og her er det velsigna tomt for krisemaksimering av ting som sikkert kan gå veldig gale. I alle fall ut frå det eg forstår av det som blir sagt og gjort. Eg trur eg har nemnd det før, i Nepal er det ei stor, hinduistisk høgtid denne månaden. Dei tre siste dagane no, har vore dei mest heilage dagane av dei alle. Det betyr at ein del av butikkane faktisk var stengd, spesielt i går! Til og med småbuene i området rundt her var låst og stengd i går, og trafikken på vegen var i alle fall halvert! Sjefen vår er framleis på leir ein annan stad, så vi prøver å finne på noko å gjere sjølv. Ein av favoritthobbyane våre er å spionere på naboen. Dei har ein husgud og eit altar som er nærast mura inn i murveggen som går rundt huset. Vi har observert til tider ganske hektisk aktivitet rundt den guden, med ofringar, røykelse, mykje raudfarge, og plassering av tikka i panna til kvarandre. Litt av det same kan eg sjå i dei andre husa rundt her, det er tydeleg at hinduisme er den største religionen her! På nyheitene er det heller ikkje snakk om børskrakk og krise i verda, men om korleis festivalen har gått sin gang frå dag til dag. I forgårs blei ei tre år gammal jente utnemnd til gud, til stor jubel blant folk flest. Denne jenta skal vere gud fram til ho kjem i puberteten, då har den guddommelege krafta flytta ut av henne. Onsdag var og dagen for dei største ofringane, der det blei smurd blod på alt av kjøretøy, og alt av bussar, taxiar, mopedar og personbilar blei pynta opp. Kreppapir, blomekransar, røykelse og måling var noko av det som blei brukt. Eg ser veldig tydeleg at hinduismen er ein religion der ein må prestere heile tida, der mykje pengar, tid og krefter blir brukt til å gjere gudane fornøgde. Eg er glad eg kjenner til kristendomen og Gud, der eg ikkje treng å prestere for å bli elska og godkjend, men der eg kan vere akkurat den eg er!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
HEI!
Kjempespennande å høyre frå deg, Sigrun! Du er tøff og heldig...! Eg kom frå fjelltur i Sveits i går, kjempeturar i alpene! Kos deg og pass på deg sjølv (husk at du er lys og fager!!!). Klem tante G.
Legg inn en kommentar