How to write a paper? Dette spørsmålet kom på måndag, og bekrefta kanskje at året på Hald ikkje er fri. Så alle dere som meiner at dette bare er eit år for å slappe av må kanskje revurdere meiningane deres om Hald. Blei eigentleg gira på å skrive då vi fekk orientering om korleis ting skal vere. HURRA, hjernen min får i alle fall eit par omgangar med støvtørk i år og!!
Elles har eg hatt åtte timar på to dagar om ”spiritual gifts” der meininga var at vi skulle finne ut meir av kva våre eigne nådegåver er. Eg følte meg eigentleg ganske utfordra i løpet av dei timane, eg kjenner at eg ikkje er så vand til å prate om og tenke på ”sånne ting”. Kan kanskje ikkje si at kyrkja heime har hatt det største fokuset på nådegåver… Men – eg overlevde timane og var ganske fornøgd med det!
I går hadde vi i tillegg timer om pakking og reise. HJELP!! Eg er ikkje heilt klar for dette kjenner eg, om 21 dagar er eg på flyet mot Bahrain. Scary movie del XXI starts 1.october 2008. Men, dette blir knallspennande! Vi såg ein filmsnutt frå Bangladesh i dag, og det går i alle fall an å tenke seg at Kathmandu ser ut omtrent som det…
I morgo begynner langhelga mi, vi har fri på fredag, og då er det Bykle for alle penga for denne jenta. Alle som er i området er hjarteleg velkomne på besøk (som om det kjem til å skje liksom!!) Sjølv om eg var i Grimstad på hytta i helga (jada, veldig koseleg, slappa mykje av og sov MYKJE) skal det bli godt å komme heim, til måltid eg kan velje tidspunktet på sjølv, ei stue, piano som alltid er tilgjengeleg og så vidare. Trur det kallast internateffekten at eg gler meg til sånne ting!
På søndag skal eg til Oslo, vesle Sigrun åleine i den store, skumle byen.. Grunnen er eigentleg at vi skal inn på hovudkontoret til Laget på måndag, og sidan vår alles elskede Haukeliekspress ikkje går til alle døgnets tider må eg inn dagen før. Då er det greitt å ha kjente i den store, skumle by. Solveig, du Solveig no kjem eg snart til deg :D Det blir fantastisk stas, eg gler meg som ein unge!! (Håper eg finn ut av buss-stasjonen…)
Båttur i Grimstad og dette bildet blei tatt - av MEG!!Så over til noko ganskeså anna: For tida ser eg for meg Kathmandu som ei lita bygd. Bare smak på namnet. Kathmandu. Det høyrest ganske lite ut spør du meg, så eg klarer ikkje å sjå for meg plassen som ein stor by, den er i alle fall ikkje større enn Mandal!! Eigentleg bør eg kanskje innsjå at bildet eg har av ”bygda” eg skal bu i ikkje er heilt rett. Kathmandu er ein millionby med fleirfoldig millionar innbyggjarar. Wæææææ!! Vesle meg frå Bykle (350 pers),
kom til Kviteseid (ca.800 pers?), så til Mandal (tja, kanskje 15 000 pers?) og så til Kathmandu (x 000 000 pers)!!!Korleis kjem dette til å gå?? Eg har hatt ein glidande overgang til nå, men med det tempoet eg har hatt på auke i folketal kvart tredje år tilsier kanskje at det tek ganske mange år før eg kjem opp i ein sum av fleire millionar innbyggjarar. Får i alle fall satse på at eg ikkje blir ei byberte:P
Bykle du Bykle <3Innimellom all undervisninga rekk eg å vere litt turist i løpet av desse vekene. Eit døme er i dag, då eg, Liv Astrid og Christine var til Lindesnes fyr. Så – nå har eg vore på det som under diskusjon kan kallast Noregs sørlegaste punkt! Yessssss…


Elles er det ikkje så veldig mykje nytt å melde frå livet på Hald. Tida går skummelt fort, men bortsett frå det er vel alt som det skal rekner eg med. Mi talast neste gong!!