der var den nye bloggen heilt oppe å gå (den gamle finst fortsatt, men ikkje i oppdatert versjon før neste år…) Dei siste dagane har eigentleg gått i eitt med ganske mykje å gjere, og mykje god undervisning. Hodet er fortsatt fullt kvar kveld, og det er heilt sprøtt å tenke på at eg har vore her i tre veker!! Eg er veldig glad for at eg ikkje er i Nepal heilt enda, det hadde vore veldig vanskeleg å komme rett ut utan noko form for oppstart i Noreg først… Vi har fått mykje ”opplæring” i bistand og humanitært arbeid føler eg, i tillegg til at vi som går på lagslinja har hatt noko om det å vere ein leiar. Gama er det rette ordet for å beskrive den undervisninga! På fredag hadde vi eit opplegg som heiter ”President for a day” – vi blei satt til å styre eit heilt nytt land. Alt gjekk så flott i starten, men det enda med massemord og opprør (Aamaas jr…) Fann i alle fall ut at eg ikkje egner meg som president i løpet av dei timane, det var greitt å få på det reine!Vi har og hatt ”Walk and talk” – der vi rett og slett walka og talka. Eg, Marianne og Kristin gjekk i lag – temaet var vår eiga tru. Dette har vi hatt ei gong før og, med teamet vi skal reise med, men då var temaet meir oss sjølv. For å bli kjend med folk og få prata om ting vi kanskje ikkje ville snakka om elles er det ein god ide å reise ut på tur. Alt er så mykje lettare å prate om på ein tur – er dere ikkje enige??
Team Asia!!
I dag skjedde det to store ting. For det første fekk eg ei melding. Den var frå ein mann i Telemark KrfU som lurte på om eg hadde flytta. Grunnen var at dei hadde fått medlemsbladet i retur. Eg fekk på den måten takka nei til vidare lesing av det magasinet:D Det andre som skjedde var mykje koselegare, då eg kom til lunch (middag) låg det TO brev til meg på bordet (som tilsvarer posthylla). TUSEN TAKK Solgunn og Ragnhild! Det var kos, eg følte meg ganske viktig for å si det på den måten, det er ikkje kvardagskost på Hald ei gong å få to brev på ein dag. Eg godta meg storvegs…
I går hadde vi eit foredrag om fysisk helse, der det kom ei dame og snakka mykje om ulike sjukdomar/smitter du kan få i utlandet. Det var interessant, eg blei litt gira på å reise då eg høyrde om alle sjukdomane du kan få. Rart, men sant!
I dag har temaet på skulen vore ”conflict management”. Det er eit tema det eigentleg skulle ha vore undervist om på alle internatskuler etter mi meining. Vi lærte om ulike måter å takle problem på, og korleis folk er veldig ulike. Det kan vere godt å ha med seg på tur til ein annan kultur. Ei bok eg las i går er ”Fortrolig med det fremmende”. Den BØR lesast av alle som skal ut i ein annan kultur for å leve der meir enn på ferie. Fantastisk bok, ikkje meir eller mindre!
Ei anna fantastisk bok eg har fått kom i dag. Det er ein studiebibel på engelsk som blei bestilt for eit par veker sidan. Sjokket var stort då pakka blei opna i dag, og størrelsen på bibelen blei gjort kjent: Den var GIGA!! I alle fall for tung for mine 20 kg bagasje til Nepal, så det blir interessant å sjå kva som blir resultatet av dei neste dagers tenking på kva eg skal gjere med den. Nokon forslag??? Trur vekta er opp mot 2 kg!!
Viss du har overlevd å lese alt dette er eg imponert, så eg skal slutte nå! Resten får eg heller spare til ei anna gong. Ståki!
8 kommentarer:
D høyres heilt konge ut! Eg e forresten veldigt åpen for brev tbars=D
Gratulerer med ny blogg! Conflict management høres veldig interessant ut! Det kunne eg tenke meg å lære noko om, det må vere nyttig.
Eg seie det igjen: du lere vanvittig møkje interessant på den skulen din! konge, konge. Tips om Bibelen (kuuult, forresten): håndbagasje.
Det var faktisk kjempe deilig med walkingen og talkingen vår!! Dåke er gode jenter dåke på teamet:)
Men jah! Bibelen min veg og et hav. 20 kg ER for lite. Sukk.
Jeg har flydd både hit og dit så lenge jeg kan huske, og aldri har jeg pakket mer enn tjue kilo. :)
Jenter veit du Kristian:P Men Sigrun Mamma hadde visst treffi (sitat) " ei eller ana salmelid jente" som gjekk på GUS eller no, som skulle hilse.. Gjeng Marie der eller? Hehe, ikkje diss altså, men dei to hadde prate litt, og så hadde noen sagt noko om at GUS var betre på oppfølging eller no..=)
hei sigrun, no heve eg lese bloggen din og d va artig. (no veit du at eg følgjer med!)
Sigwoon! Finn fram den engelske mursteinsbibelen og ein pakke FirstPrice papirlommetørkler. Les siste del av Josva 24,15.
(Fant det på veggen hos ein av misjonærfamiliane her. Visste ikkje heilt kor eg sko gjer av meg...)
Bøgga.
Legg inn en kommentar