Siste bibelgruppe (arbeid) var på tysdag, og samla folk frå 10 til 75 år. Ikkje så mange, men stort spenn i alder!
Siste tur for å kjøpe frukt har strengt tatt ikkje vore heilt enda, men den kjem den og! Difor eit lite blinkskot frå vår lokale fruktbasar:
Siste møte med dei "offentlege hundane", som denne med alskens sjukdomar:
Siste tur med offentleg transport, som inneber enten takplass, ståplass eller skvistsammenaltformangepåeittsete-plass.
Dette biletet er forresten frå fredag då eg var på piknik med CBS-gruppa (laget) i Kathmandu. For å komme oss til piknik-spot måtte vi køyre, og dei hadde fått tak i ein bil med lasteplan. X antal gryter og kjøkkenutstyr blei stappa opp, før resten av plassen blei fylt opp av menneske. Eg klager ikkje! Så der køyrde vi gjennom gatene i sentrale deler av hovudstaden i Nepal - med ca. 10 personar ståande på lasteplanet! Politiet som er plassert på kvart gatehjørne reagerte ikkje ei gang. Så mykje for trafikksikkerhet!
Pikniken var og SISTE gang eg traff på mange av studentane her. Ganske rart, det er sjølvsagt ikkje alle eg har hatt like mykje med å gjere, men vemodig er det å si hadet likevel. Det betyr at ein periode er over.
Sjølv om vi ikkje reiser før torsdag kveld hadde vi avslutningsmiddag med familien vår / sjefen vår på søndag (i går). Grunnen er at han reiser på leir til Far West Nepal, og blir borte i 10 dager. Ergo det var siste gang vi møter han, i alle fall for denne gang.
Vi var på siste nepaligudsteneste på laurdag, og siste internasjonale gudsteneste i går. I dag skal vi på siste mentorsamtale.
Siste, siste, siste. Konklusjonen er at Nepalopphaldet går mot ein slutt!