Tansen er ein landsby med eit misjonssjukehus, og vi har vore på full inspeksjon over korleis ting blir drive der. I tillegg har vi vore i turiststaden Pokhara, og nyte livet eit par dagar, før eg, Marianne og Veronika prøvde å vere spreke, og la ut på trekking. Her kjem nokre bilete frå turen.
Streik og Nepal høyrer saman, det er streiker i hytt og pine, så det var på tide at eg blei plassert midt i happeninga sjølv. Kom køyrande, og plutseleg stoppa all trafikk. Tre timar seinare kunne vi køyre att, og kom oss vidare mot Tansen (om enn ein anna veg, så vi sat 5 timer meir i buss enn vi trengde - i tillegg til streik-stoppen)
Frå lokalbazaren i Tansen. Nokon som treng lauk, bønner eller chili?
Så har eg endeleg gjort det: paraglida. Moro var det, sjølv om turen min ikkje blei på meir enn 10 minutt. Mangel på vind var grunnen, og eg fekk pengane igjen.
I Nepal finst det ulike typer kaker. Som på denne restauranten.
Så var det tid for trekking. Eg har vore til ein stad som heiter Poon Hill og sett soloppgangen over Annapurna-fjellrekka. Det kan anbefalast, sjølv om skyane kom litt vel fort!
I tillegg til soloppgang møtte vi på plaskregn kvar dag, ca. fem minutt etter at vi hadde komme fram til der vi skulle sove. Første dagen hagla det i tillegg!
Trekkinga var ikkje så lang, tre dagar, men eg fekk gått litt likevel:
Dag 1: opp 1000 høgdemeter
Dag 2: opp 850 høgdemeter
Dag 3: opp 360 høgdemeter, og ned 2210 høgdemeter.
Pust og beinmusklar blei utfordra dei to første dagane, den siste var det knea som fekk kjenne på kva det betyr å vere på tur...
Har forresten overnatta på ca. 2850 m.o.h., og kjend på at lufta er tynnare høgt oppe. Neste gong eg kjem til Nepal blir Annapurna base camp målet!
Vekas kjøttforsyning til div. landsbyer er på veg oppetter fjellsida.
Vår gode ven bøffelen lurer på kva slags rare folk det er som har tatt pause rett ved matfatet hans.
Reklamen som prøver å lokke til seg flest muleg turistar til å overnatte på akkurat dette gjestehuset
Utsikten frå overnattingsstad nummer 1
Nepalsk mat: daal, bhat, tarkari. Veldig godt, og ganske fancy servert på denne staden
Veronika, Marianne og Sigrun på Poon Hill, 06.00 onsdag morgon.
Eg og Annapurna 1 (ca. 8100 moh.) i soloppgang.