Først må eg få lov til å kommentere ein notis som stod i Vårt Land i desember. Der var det kommentert at Nepal var inne i ei stor krise når det gjeld tilgang på elektrisitet. Difor var straumen kutta
ni timer i døgnet. Greitt nok det, men på den tida då notisen kom på trykk, var straumen borte
ti timer i døgnet. Det betyr at då vi kom til Thailand var det luksus å ikkje måtte tenke på når straumen skulle gå i forhold til mat osv. Vel heime att i Kathmandu blei det nye endringar i planane. For tida lever vi
16 - seksten - timer i døgnet uten straum. Det har blitt slik at det er meir overraskande om vi har straum enn når vi ikkje har. Likevel skal det leggast til at vi er veldig heldige.
Familien vi bur hos har skaffa eit batteri, slik at vi har ei lyspære i kvart rom som lyser sjølv om straumen er borte. Det er utruleg luksus, dei fleste naboane lever med stearinlys som einaste lyskjelde om kveldane. OG det er og eit poeng å få fram: Vi har straum som regel frå 16.00-20.00 og frå 00.00-04.00. Så mykje for å lage rundstykker liksom! (På ambassaden sine nettsider opplyser dei at strømbrudd kan forekomme. Dei overdriv i alle fall ikkje!)
For eit par dagar sidan var vi på besøk til Bimala, ei nepalsk jente/dame som har budd i Noreg i nokre år. Det er første gang eg har sett ein nepaleser i LUSEKOFTE! Fekk nesten heimlengsel, eg! Samosaen vi lærte å lage blei forresten og god. (Det er ein av dei tinga eg har lært. Så veit du det)
I dag var siste dagen vi hadde på skulen. I den anledning hadde vi gruble, noko som fungerte bra i alle klassene. Heilt fram til vi skulle telle poeng. Hørselsvern, kvar er du når eg treng deg? Uansett, vinnarlaga fekk sin fortente heder og ære, og min karriære som engelsk- og mattelærar på den skulen er i alle fall over.
Som ei markering av ferdig skulearbeid blei vi invitert heim til rektoren på middag i kveld. For å gjere ei lang historie kort - det kjennest som om magen skal sprekke, og det har det gjort ei stund! Eg blir flink til å ete mykje her, så det skal ingen si noko på. Etter å ha inspisert ein barneheim som ligg rett ved sida av rektoren sitt hus, skulle vi heim att. Framfor oss gjekk det ein hund, og dette er samtalen som fulgte:
Sigrun: Aahh, is this your dog??
Rektor: No, it isn't, it's a
public dog.
Yess. Nepal blei etter valget i haust eit kommunistisk land. Difor deler dei og på lausbikkjene som spring i vegen. (Det høyrer og med til historia at eg på veg heim att traff på seks "public dogs" til. Eller laushundar som eg ville ha sagt ellers. Jadda, ein lærer så lenge ein lever!)