tirsdag 3. mars 2009

Lenge leve...

livet som sjuk(?)
Eg har fått meg nye vener den siste veka, evt fofriska gamle venskap som var litt støvete i kantene:
- dorull/first price mjukt papir
- te med honning (og anna varm drikke)
- strepsils
- vaselin
- nasespray
- paracet
- fishermans friend
- og nytt av dagen: antibiotika!



I tillegg arbeider eg hardt for at det skal bli litt meir søppel i gatene i Kathmandu, som følge av diverse doruller som må sjå seg slått av mi meir eller mindre rennande nase.
Eg har aldri sagt noko anna, bronkitt er moro det! Spesielt når ein ligg i senga på kvelden og må konsentrere seg: "pust INN, pust UT, inn, ut". Høyrast eigentleg meir ut som eit trekkspel med astma, så Lindesnes Trekkspillklubb, dere har ein konkurrent!



Folk vil kanskje meine at det er litt drøyt å gå til det skritte å svelge tre grisesvære antibiotikapiller kvar dag fem dagar framover bare grunna ein stakars bronkitt. Men, grunnen er så enkel som at med den forureininga som er i denne byen vil eg "aldri" bli frisk att dersom eg ikkje gjer noko drastisk med saken. Så nå gjeld det bare å hugse på å ta desse pillene. Trur det kan bli ei utfordring i seg sjølv.

Ellers er Kathmandu framleis Kathmandu, med nok av ting å finne på for den som vil underholde seg sjølv og andre. Eg og Marianne var på guida tur i Kathmandu
Durbar square dagen før trekkspelet i meg vakna. Planen var å treffe på den levande guden (ei jente på tre år som er utnevnt til kona til dødsguden), men ho var ikkje tilgjengeleg. Synd, vi får prøve igjen ei anna gang. Det er nok av andre tempel å sjå på, og det virka nesten som at vi traff på ei rush-tid når det gjeld tilbeding.



Det klang i klokker over alt, og folk gjekk frå gud til gud og festa blomar i håret og tikka-merker i panna. Heilt sært å tenke på, dette er korleis dei utøver religionen sin! I tillegg syns eg det er rart at eg begynner å bli "vane" med det, eg sperrer ikkje opp augo mine kvar gong eg ser ofring lenger.

I tillegg fann vi ei vakt, det er sjølvsagt at bilete måtte bli tatt.



Blomemarknad, der folk kjøper kranser med blomar som dei gir til gudane sine under tilbedinga. Lyser opp i bybiletet i alle fall!

onsdag 25. februar 2009

På tide med ei oppdatering?

For ein månad sidan var eg klar for å bryte opp. No er eg tilbake att, til Kathmandu. Eg må innrømme at eg grudde meg ganske mykje før eg reiste til Trishuli, eg ville ikkje reise frå Kathmandu som etter kvart har blitt heime for meg. Men, kva skjedde i dag, då eg skulle reise frå Trishuli att? Eg ville ikkje reise derifrå.

Trishuli ligg rundt 75 km frå Kathmandu, det tek 3 timer med buss å komme seg dit. Seier kanskje litt om vegane...
Eg har i alle fall fått bekrefta at eg passar best på bygda. Utan internett, med eit mindre utval av butikkar, eg hadde det heilt topp! Folka var meir opne, og dei tok imot oss med store smil og opne armar heile vegen. I løpet av tre veker i Trishuli har eg vore på fleire middagsbesøk, og blitt ordentleg kjend med fleire folk enn i løpet av nesten fire månader i Kathmandu. Eg digger bygda. Så: nokre blinkskot frå dei tre siste vekene:


Var på middagsbesøk hos pastoren, og fekk prøve tamang-klede (tamang er ei folkegruppe i Nepal, mange av dei bur i Trishuli og området rundt)


Eg har arbeida litt og, dette er frå ei bibelgruppe. I tillegg har eg hatt andakt på søndagsskule og arbeida tre dagar i veka på ein montesorriskule. Eg koste meg med alt av arbeid som eg hadde.


Som den flinke ingeniør-dotra eg er, var eg på besøk på ein kraftstasjon og inspiserte turbinane (trur eg i alle fall). Bråke gjorde det, men no har eg sett kvar den vesle straumen som er i Nepal blir laga.
Forresten, ein ting til som eg vil kalle luksus, i Trishuli var det ikkje meir enn ein time til dagen med straumkutt.

Eg har ein følelse av at dette innlegget blei veldig hyper-positivt, men det er viktig innimellom det og! LENGE LEVE BYGDA :-)

søndag 25. januar 2009

Oppbrot

På tysdag hadde vi siste dag på skulen. Onsdag var vi på barnesenteret og tok farvel med ungane og dei vaksne der. Desse opplevingane var ganske rare. Det gjekk plutseleg opp for meg at eg ikkje skal vere i Nepal så alt for mykje meir. Då eg blir invitera på middag til sjefane sine, og plutseleg innsåg at det er siste gong eg såg mange av ungane, då blei alt litt trist. Men, heldigvis er eg ikkje på veg heim heilt enda. I dag reiser team Nepal: Kristin, Marianne og Sigrun til Trisuli, ein landsby nord for Kathmandu. Det er bustaden vår den neste månaden. Leir, lærar på skule og bibelgruppeleiar er oppgåvene som venter på oss der. Vi tok farvel med noko i Kathmandu, men kjem til ein ny stad der nye menneske ”står i kø” for å bli kjend med oss. Folk som eg skal lære å sette pris på, irritere meg over, diskutere med og bli vener med. Spennande.

Til no har vi budd hos ein nepalsk familie, men vi har hatt ein eigen etasje. I Trisuli kjem vi til å bu hos ein familie, under ukjende kår. Det eg allereie kjenner på, er at magesekken min kjem til å utvidast kraftig. Nei er ikkje eit svar når det kjem til mat, og tallerkenen skal fyllast MED haug, viss ikkje er det ikkje nok mat. Er eg ferdig å ete før verten, då er det bare til å lesse på med ny mat. Ei utfordring eg prøver å psyke meg inn på å overleve utan å bli gal kvar gong eg blir servert ris i framtida.

Vel. Nokre avskjeder har det blitt, men heldigvis ikkje så mange. Det er enda to månadar att av opphaldet, ein månad i landsbyen og ein månad med bibelgrupper i Kathmandu. Det er godt.

tirsdag 20. januar 2009

Kva eg har lært sidan sist

Først må eg få lov til å kommentere ein notis som stod i Vårt Land i desember. Der var det kommentert at Nepal var inne i ei stor krise når det gjeld tilgang på elektrisitet. Difor var straumen kutta ni timer i døgnet. Greitt nok det, men på den tida då notisen kom på trykk, var straumen borte ti timer i døgnet. Det betyr at då vi kom til Thailand var det luksus å ikkje måtte tenke på når straumen skulle gå i forhold til mat osv. Vel heime att i Kathmandu blei det nye endringar i planane. For tida lever vi 16 - seksten - timer i døgnet uten straum. Det har blitt slik at det er meir overraskande om vi har straum enn når vi ikkje har. Likevel skal det leggast til at vi er veldig heldige.
Familien vi bur hos har skaffa eit batteri, slik at vi har ei lyspære i kvart rom som lyser sjølv om straumen er borte. Det er utruleg luksus, dei fleste naboane lever med stearinlys som einaste lyskjelde om kveldane. OG det er og eit poeng å få fram: Vi har straum som regel frå 16.00-20.00 og frå 00.00-04.00. Så mykje for å lage rundstykker liksom! (På ambassaden sine nettsider opplyser dei at strømbrudd kan forekomme. Dei overdriv i alle fall ikkje!)

For eit par dagar sidan var vi på besøk til Bimala, ei nepalsk jente/dame som har budd i Noreg i nokre år. Det er første gang eg har sett ein nepaleser i LUSEKOFTE! Fekk nesten heimlengsel, eg! Samosaen vi lærte å lage blei forresten og god. (Det er ein av dei tinga eg har lært. Så veit du det)

I dag var siste dagen vi hadde på skulen. I den anledning hadde vi gruble, noko som fungerte bra i alle klassene. Heilt fram til vi skulle telle poeng. Hørselsvern, kvar er du når eg treng deg? Uansett, vinnarlaga fekk sin fortente heder og ære, og min karriære som engelsk- og mattelærar på den skulen er i alle fall over.

Som ei markering av ferdig skulearbeid blei vi invitert heim til rektoren på middag i kveld. For å gjere ei lang historie kort - det kjennest som om magen skal sprekke, og det har det gjort ei stund! Eg blir flink til å ete mykje her, så det skal ingen si noko på. Etter å ha inspisert ein barneheim som ligg rett ved sida av rektoren sitt hus, skulle vi heim att. Framfor oss gjekk det ein hund, og dette er samtalen som fulgte:
Sigrun: Aahh, is this your dog??
Rektor: No, it isn't, it's a public dog.

Yess. Nepal blei etter valget i haust eit kommunistisk land. Difor deler dei og på lausbikkjene som spring i vegen. (Det høyrer og med til historia at eg på veg heim att traff på seks "public dogs" til. Eller laushundar som eg ville ha sagt ellers. Jadda, ein lærer så lenge ein lever!)

onsdag 14. januar 2009

Heime att



Etter to veker på tur er eg tilbake i Kathmandu. Det var rart, men då flyet sirkla over byen før det landa kjende eg ei merkeleg ro som seig inn over meg. Det er her eg skal vere! Biletet er tatt frå flyet, det er ikkje skyer som kan sjåast i bakgrunnen, men Himalayafjella. Med det fantastiske kameraet mitt fekk eg ikkje fjella tydelegare, men synet er noko som tek pusten frå meg! Og her BUR eg! Snakk om heldig jente!

Infield var fantastisk, det heile starta på flyplassen i Bangkok på veg til Laos. To kjende fjes (Øystein og Agnar, lærarane våre), kom spradande nedover trappene. Og betre blei det! I Laos (Vientiane) venta fire jenter og to gutar på oss - Thailand- og Laosteama var klare for ei veke med mykje artig.



Undervisninga vi har fått har vore akkurat det eg trengde, litt for påfyll og litt for ettertanke. I tillegg har det vore ubeskriveleg godt å ha eit åndeleg fellesskap på norsk - med norske songar og norsk "tale".
Innimellom all undervisning hadde vi ein aktivitetsdag. På den eine dagen var vi på grottevandring. Fire grotter blei besøkt, derav ei med fantastisk akkustikk. Det å stå langt inne i eit fjell og synge "Laudate" og velsigninga var ei sterk oppleving som kjem til å sitte i ei stund!
Vi sat i tube (ring) og segla nedetter elva for å komme oss tilbake til hotellet att. På vegen stoppa vi ved nokre slenghusker, utruleg morosamt. Eg starta frå ei platting som var mellom 10 og 12 meter over vatnet, og holdt meg fast i eit taug. Då eg hoppa fauk tauget bortetter ei line, og eg kunne sleppe der eg følte for. Trur eg slapp på ei høgde mellom 10 og 12 meter, fantastisk moro!

Tilbake i Kathmandu var vi ikkje aleine, Øystein lærar var med. Det førte til tur til Nagarkurt, ein stad der ein på ein klar dag har utsyn heilt til Mt.Everest. Vi stod opp klokka 5 på morgonen, gjekk 6 km til eit utkikkspunkt for å kunne sjå soloppgangen derifrå. Dette er den fantastiske utsikten vi fekk:



TÅKE! Trøysta var at kvelden før såg vi litt meir av fjellrekka, men det er litt surt å vite at fleire morgoner før hadde det vore heilt klart. Uansett overlever eg heilt fint.



("Nød lærer naken kvinne å spinne" heiter det. Kva gjer ein når ein knapt kjenner føttene sine fordi dei er kalde? Varmer dei opp med dei varmekjeldene som er, då vi var til Nagarkurt var det stearinlys.)
Halvvegs i opphaldet bytter vi litt arbeidsoppgåver. Frå no av er det bibelgrupper som er hovudaktiviteten, i tillegg til meir arbeid med Laget her. Eg trur det blir veldig gøy.

søndag 4. januar 2009

Ferie og blogg

er ikkje ein god kombinasjon. Det forer til at det blir lite oppdatering av blogg og mykje anna som skjer. Jula blei feira i Kathmandu, med ribbe og spro svor hos misjonaerar paa julekvelden. Gudsteneste i den internasjonale kyrkja var det og tid til, foer kvelden blei tilbragt i senga, med jordbaereting, norsk sjokolade, brus og pepperkaker. Veldig koseleg, og ettersom romet var fullt av stearinlys blei det faktisk varmt etter kvart ogsaa! Gaaver takker og bukker eg for, kan nevne mjolkesjokolade, fiskesuppe, leverpostei, andaktsbok og eit flott heimelaga bilete (Kongebra, Olav Magnus!)

Forste juledag skulle vi i nepalsk kyrkje, for aa feire nepalsk jul. Det blei det lite av, allerede klokka fire natt til forste juledag gav magen min beskjed om at det ikkje var aktuelt aa reise veldig langt bort fraa ein do. Spybotta blei redninga, og ikkje ein matbit blei fortaert. Paa kvelden var sjefen vaar (han vi bur hos) saa bekymra at eg blei tatt til sjukehus. LOL. Ei blodprove og ein time etter, var eg heime att, til botta mi. Ei vanleg omgangssjuke kan ikkje fiksast paa paa sjukehus heller, saa eg forstaar ikkje stresset!

26. des reiste vi til Thailand, vi var i Bangkok i eit par dagar for vi reiste vidare til ei oy - Koh Chang - for aa slappe av i sol og varme. Dette er den EINE ferieveka vi har i lopet av halvaaret, saa den blei benytta og nyte paa best muleg vis! Nyttaarsaften blei feira paa ei strand, der det var mange ganske ikkjeedrue menneske. For oss som ikkje drikk sterkare saker enn ein Cola i ny og ne var det ganske mange interessante skikkelser aa studere. Ein studie i Europearar paa tur til ein stad ikkje mamma er med!

Vi var paa oya i fire heile dagar, for vi i gaar kom tilbake til Bangkok. No sit eg paa gjestehuset her, og ventar paa at klokka skal bli halv 5. Daa skal vi til flyplassen, for aa reise vidare til Laos. Infield i lag med Hald-folka som er i Thailand og Laos er neste post paa programet. Det blir veldig koseleg, i tillegg til at det skal bli moro aa treffe att Oystein og Agnar - to av laerarane paa Hald.

I dag har eg btw vore turist for alle penga, vore paa div. tempel- og palassbesoek i Bangkok, i tillegg til aa ha koyrd baat og tatt mykje bilete. Tida (og pengane) flaug :-)

Det har vore ei konge veke, og den neste kjem og til aa bli god. Eg er sikker! (Naar eg faar til internett paa dataen min att, skal det komme bilete fraa denne veldig gode veka!)

mandag 22. desember 2008

Dagen før Jesus

har ei eg er veldig glad i fødselsdag. Ikkje bare fødselsdag, men i 2008 fyller ho 14 ÅR!!
Kjære Ingvild: Gratulerer med dagen! Eg er knallglad i deg, og hadde gitt mykje for å vere i lag med deg i dag. Det er litt vanskeleg å gjennomføre, men til neste år får vi sjå på om det blir ein klem eller to på deg!
Sidan eg ikkje har heilt ferske bilder av den utruleg gode jenta, får vi nøye oss med eit eldre bilete. Er ho ikkje søt?? Det er SØSTERA MI! Eg er heldig!