søndag 25. januar 2009

Oppbrot

På tysdag hadde vi siste dag på skulen. Onsdag var vi på barnesenteret og tok farvel med ungane og dei vaksne der. Desse opplevingane var ganske rare. Det gjekk plutseleg opp for meg at eg ikkje skal vere i Nepal så alt for mykje meir. Då eg blir invitera på middag til sjefane sine, og plutseleg innsåg at det er siste gong eg såg mange av ungane, då blei alt litt trist. Men, heldigvis er eg ikkje på veg heim heilt enda. I dag reiser team Nepal: Kristin, Marianne og Sigrun til Trisuli, ein landsby nord for Kathmandu. Det er bustaden vår den neste månaden. Leir, lærar på skule og bibelgruppeleiar er oppgåvene som venter på oss der. Vi tok farvel med noko i Kathmandu, men kjem til ein ny stad der nye menneske ”står i kø” for å bli kjend med oss. Folk som eg skal lære å sette pris på, irritere meg over, diskutere med og bli vener med. Spennande.

Til no har vi budd hos ein nepalsk familie, men vi har hatt ein eigen etasje. I Trisuli kjem vi til å bu hos ein familie, under ukjende kår. Det eg allereie kjenner på, er at magesekken min kjem til å utvidast kraftig. Nei er ikkje eit svar når det kjem til mat, og tallerkenen skal fyllast MED haug, viss ikkje er det ikkje nok mat. Er eg ferdig å ete før verten, då er det bare til å lesse på med ny mat. Ei utfordring eg prøver å psyke meg inn på å overleve utan å bli gal kvar gong eg blir servert ris i framtida.

Vel. Nokre avskjeder har det blitt, men heldigvis ikkje så mange. Det er enda to månadar att av opphaldet, ein månad i landsbyen og ein månad med bibelgrupper i Kathmandu. Det er godt.

tirsdag 20. januar 2009

Kva eg har lært sidan sist

Først må eg få lov til å kommentere ein notis som stod i Vårt Land i desember. Der var det kommentert at Nepal var inne i ei stor krise når det gjeld tilgang på elektrisitet. Difor var straumen kutta ni timer i døgnet. Greitt nok det, men på den tida då notisen kom på trykk, var straumen borte ti timer i døgnet. Det betyr at då vi kom til Thailand var det luksus å ikkje måtte tenke på når straumen skulle gå i forhold til mat osv. Vel heime att i Kathmandu blei det nye endringar i planane. For tida lever vi 16 - seksten - timer i døgnet uten straum. Det har blitt slik at det er meir overraskande om vi har straum enn når vi ikkje har. Likevel skal det leggast til at vi er veldig heldige.
Familien vi bur hos har skaffa eit batteri, slik at vi har ei lyspære i kvart rom som lyser sjølv om straumen er borte. Det er utruleg luksus, dei fleste naboane lever med stearinlys som einaste lyskjelde om kveldane. OG det er og eit poeng å få fram: Vi har straum som regel frå 16.00-20.00 og frå 00.00-04.00. Så mykje for å lage rundstykker liksom! (På ambassaden sine nettsider opplyser dei at strømbrudd kan forekomme. Dei overdriv i alle fall ikkje!)

For eit par dagar sidan var vi på besøk til Bimala, ei nepalsk jente/dame som har budd i Noreg i nokre år. Det er første gang eg har sett ein nepaleser i LUSEKOFTE! Fekk nesten heimlengsel, eg! Samosaen vi lærte å lage blei forresten og god. (Det er ein av dei tinga eg har lært. Så veit du det)

I dag var siste dagen vi hadde på skulen. I den anledning hadde vi gruble, noko som fungerte bra i alle klassene. Heilt fram til vi skulle telle poeng. Hørselsvern, kvar er du når eg treng deg? Uansett, vinnarlaga fekk sin fortente heder og ære, og min karriære som engelsk- og mattelærar på den skulen er i alle fall over.

Som ei markering av ferdig skulearbeid blei vi invitert heim til rektoren på middag i kveld. For å gjere ei lang historie kort - det kjennest som om magen skal sprekke, og det har det gjort ei stund! Eg blir flink til å ete mykje her, så det skal ingen si noko på. Etter å ha inspisert ein barneheim som ligg rett ved sida av rektoren sitt hus, skulle vi heim att. Framfor oss gjekk det ein hund, og dette er samtalen som fulgte:
Sigrun: Aahh, is this your dog??
Rektor: No, it isn't, it's a public dog.

Yess. Nepal blei etter valget i haust eit kommunistisk land. Difor deler dei og på lausbikkjene som spring i vegen. (Det høyrer og med til historia at eg på veg heim att traff på seks "public dogs" til. Eller laushundar som eg ville ha sagt ellers. Jadda, ein lærer så lenge ein lever!)

onsdag 14. januar 2009

Heime att



Etter to veker på tur er eg tilbake i Kathmandu. Det var rart, men då flyet sirkla over byen før det landa kjende eg ei merkeleg ro som seig inn over meg. Det er her eg skal vere! Biletet er tatt frå flyet, det er ikkje skyer som kan sjåast i bakgrunnen, men Himalayafjella. Med det fantastiske kameraet mitt fekk eg ikkje fjella tydelegare, men synet er noko som tek pusten frå meg! Og her BUR eg! Snakk om heldig jente!

Infield var fantastisk, det heile starta på flyplassen i Bangkok på veg til Laos. To kjende fjes (Øystein og Agnar, lærarane våre), kom spradande nedover trappene. Og betre blei det! I Laos (Vientiane) venta fire jenter og to gutar på oss - Thailand- og Laosteama var klare for ei veke med mykje artig.



Undervisninga vi har fått har vore akkurat det eg trengde, litt for påfyll og litt for ettertanke. I tillegg har det vore ubeskriveleg godt å ha eit åndeleg fellesskap på norsk - med norske songar og norsk "tale".
Innimellom all undervisning hadde vi ein aktivitetsdag. På den eine dagen var vi på grottevandring. Fire grotter blei besøkt, derav ei med fantastisk akkustikk. Det å stå langt inne i eit fjell og synge "Laudate" og velsigninga var ei sterk oppleving som kjem til å sitte i ei stund!
Vi sat i tube (ring) og segla nedetter elva for å komme oss tilbake til hotellet att. På vegen stoppa vi ved nokre slenghusker, utruleg morosamt. Eg starta frå ei platting som var mellom 10 og 12 meter over vatnet, og holdt meg fast i eit taug. Då eg hoppa fauk tauget bortetter ei line, og eg kunne sleppe der eg følte for. Trur eg slapp på ei høgde mellom 10 og 12 meter, fantastisk moro!

Tilbake i Kathmandu var vi ikkje aleine, Øystein lærar var med. Det førte til tur til Nagarkurt, ein stad der ein på ein klar dag har utsyn heilt til Mt.Everest. Vi stod opp klokka 5 på morgonen, gjekk 6 km til eit utkikkspunkt for å kunne sjå soloppgangen derifrå. Dette er den fantastiske utsikten vi fekk:



TÅKE! Trøysta var at kvelden før såg vi litt meir av fjellrekka, men det er litt surt å vite at fleire morgoner før hadde det vore heilt klart. Uansett overlever eg heilt fint.



("Nød lærer naken kvinne å spinne" heiter det. Kva gjer ein når ein knapt kjenner føttene sine fordi dei er kalde? Varmer dei opp med dei varmekjeldene som er, då vi var til Nagarkurt var det stearinlys.)
Halvvegs i opphaldet bytter vi litt arbeidsoppgåver. Frå no av er det bibelgrupper som er hovudaktiviteten, i tillegg til meir arbeid med Laget her. Eg trur det blir veldig gøy.

søndag 4. januar 2009

Ferie og blogg

er ikkje ein god kombinasjon. Det forer til at det blir lite oppdatering av blogg og mykje anna som skjer. Jula blei feira i Kathmandu, med ribbe og spro svor hos misjonaerar paa julekvelden. Gudsteneste i den internasjonale kyrkja var det og tid til, foer kvelden blei tilbragt i senga, med jordbaereting, norsk sjokolade, brus og pepperkaker. Veldig koseleg, og ettersom romet var fullt av stearinlys blei det faktisk varmt etter kvart ogsaa! Gaaver takker og bukker eg for, kan nevne mjolkesjokolade, fiskesuppe, leverpostei, andaktsbok og eit flott heimelaga bilete (Kongebra, Olav Magnus!)

Forste juledag skulle vi i nepalsk kyrkje, for aa feire nepalsk jul. Det blei det lite av, allerede klokka fire natt til forste juledag gav magen min beskjed om at det ikkje var aktuelt aa reise veldig langt bort fraa ein do. Spybotta blei redninga, og ikkje ein matbit blei fortaert. Paa kvelden var sjefen vaar (han vi bur hos) saa bekymra at eg blei tatt til sjukehus. LOL. Ei blodprove og ein time etter, var eg heime att, til botta mi. Ei vanleg omgangssjuke kan ikkje fiksast paa paa sjukehus heller, saa eg forstaar ikkje stresset!

26. des reiste vi til Thailand, vi var i Bangkok i eit par dagar for vi reiste vidare til ei oy - Koh Chang - for aa slappe av i sol og varme. Dette er den EINE ferieveka vi har i lopet av halvaaret, saa den blei benytta og nyte paa best muleg vis! Nyttaarsaften blei feira paa ei strand, der det var mange ganske ikkjeedrue menneske. For oss som ikkje drikk sterkare saker enn ein Cola i ny og ne var det ganske mange interessante skikkelser aa studere. Ein studie i Europearar paa tur til ein stad ikkje mamma er med!

Vi var paa oya i fire heile dagar, for vi i gaar kom tilbake til Bangkok. No sit eg paa gjestehuset her, og ventar paa at klokka skal bli halv 5. Daa skal vi til flyplassen, for aa reise vidare til Laos. Infield i lag med Hald-folka som er i Thailand og Laos er neste post paa programet. Det blir veldig koseleg, i tillegg til at det skal bli moro aa treffe att Oystein og Agnar - to av laerarane paa Hald.

I dag har eg btw vore turist for alle penga, vore paa div. tempel- og palassbesoek i Bangkok, i tillegg til aa ha koyrd baat og tatt mykje bilete. Tida (og pengane) flaug :-)

Det har vore ei konge veke, og den neste kjem og til aa bli god. Eg er sikker! (Naar eg faar til internett paa dataen min att, skal det komme bilete fraa denne veldig gode veka!)

mandag 22. desember 2008

Dagen før Jesus

har ei eg er veldig glad i fødselsdag. Ikkje bare fødselsdag, men i 2008 fyller ho 14 ÅR!!
Kjære Ingvild: Gratulerer med dagen! Eg er knallglad i deg, og hadde gitt mykje for å vere i lag med deg i dag. Det er litt vanskeleg å gjennomføre, men til neste år får vi sjå på om det blir ein klem eller to på deg!
Sidan eg ikkje har heilt ferske bilder av den utruleg gode jenta, får vi nøye oss med eit eldre bilete. Er ho ikkje søt?? Det er SØSTERA MI! Eg er heldig!

mandag 15. desember 2008

Glede er...

...å komme på arbeid på barnesenteret, og bli møtt av unger som spring bort til deg og held seg fast i armen din



...å sjå at ungar som var heilt innelukka opner seg opp, smiler og krabber opp i fanget ditt

...vener som inviterer deg heim til seg, for å lage mat og ete, og som viser at dei bryr seg om korleis ein har det



...steikeomn, slik at vi kan bake

...muligheten til å bake lussekatter den 14. desember, fordi vi ikkje rakk det den 13.



...vener som møter deg med det største smilet når du kjem på møte

...å ha juleverkstad med julemusikk, der dorullnisser, dorullenglar (eller evt. fluge), hjerter og julelenker blir laga



...å krype under dyna på kvelden, når innetemperaturen kryp ned mot ti grader og det står kald røyk ut av munnen din

...å ha eit team som bryr seg




Ja, eg er heldig!

lørdag 6. desember 2008

Forsøksprosjekt

Du treng:
- eit stykk jente frå bygda, gjerne ei som i 7.klasse klarte å gå seg vill i Kristiansand. Ho bør ellers sette pris på natur, frisk luft og til tider lite menneske rundt seg.
- ein by med horder av menneske, eksos, bråk, gjerne i ein annan verdsdel, slik at det er nødvendig med engelsk eller annaspråkleg kommunikasjon heile tida.

Utføring:
Del 1: Plasser denne jenta i denne byen. La ho vere der i eit par månadar, gjerne med arbeid å gjere og ting å finne på. Andre ungdomar som tek seg av ho (gjerne frå det aktuelle landet) er vel og bra, det er flott å ha ting jenta kan aktivisere seg med. La jenta vere i byen i to månadar utan å komme seg ut. Observer. Kva ser du? Har det skjedd endringar?
Del 2: Etter to månadar, ta med deg jenta ut av den nevnte, forureina byen. Ta ho med til ein stad der det er natur, frisk luft, og ikkje fire menneske innan ein radius på 2 meter. Det gjer ingen ting om det er varmt der, kanskje litt elefantar, nasehorn, villsvin osb. Observer. Kva ser du? Har det skjedd endringar?

Eg kan fortelje deg litt av kvart om kva som kan skje med den ovanfornemnde jenta, men det er ikkje vits.

I staden kan eg seie at den siste veka har vore veka for reising! Fredag til søndag var vi i Chittwan, ein stad ned mot grensa til India. Der var det elefantsafari, bading med elefanter, jungelsafari og god mat i lange baner! Av dyr fekk vi sett nasehorn (2 meter frå oss, mor og unge), villsvin (rausa ut i vegen rett framfor oss då vi var i jungelen, i tillegg til at det var eit anna som grynta inni skogen. Stas – vi måtte sette oss ned, vere heilt stille, vente på at dei skulle gå vekk.), krokodiller (ei lita, ei langmunna og ei knalldiger. Spanande, spanande! Sat bare og bad om at kanoen ikkje skulle velte – ripa var 5 cm. over vassoverflata) og ein del fugler. I tillegg til mange elefantar, den yngste berre 25 dagar. Nydeleg!







Måndag og tysdag var vi heime, var på arbeid. Kom meg ikkje på jobb på tysdag, magetrøbbel. Det kjendes som om nokon stakk mange knivar inn i magen min og vrei rundt fleire gonger. Møtte på ei som hadde hatt same greiane, det hadde vore matforgiftning. Stas det

Onsdag til laurdag var vi i Pokhara, ein stad der alle turistar reiser til. Vi derimot var ikkje turistar, men deltok på eit fredskorpsmøte som blei holdt der. Fekk sett litt av området og – Pokhara er kjend for å ha nydeleg utsikt til Himalayarekka, men sjølvsagt var det overskya alle dagane. Stas det.. Fekk sett litt laurdagen, vi var på tur opp til eit buddhisttempel tidleg på morgonen. Skyane hadde ikkje komme då, så utsikten var fenomenal.


- litt av gruppa som var med, bla. ein mongolar! Sjekk fjella i bakgrunnen. Nydeleg!

No er eg tilbake i Kathmandu igjen. Heldigvis er det ikkje to månadar til neste gong eg skal ut av byen, då hadde eg gått på veggen trur eg. For – i dag er det 19 dagar til vi reiser på nyttårsferie til Thailand, rett før innfield i Laos. Det blir koseleg, eg gleder meg som ein unge, intet mindre!