Endeleg, etter ein månad i Nepal er vi ordentleg i gang! Vi har nemleg begynt å arbeide, så akkurat no er du innom bloggen til matte-, engelsk- og samfunnsfagslærar Egeland. Eg trudde verkelig ikkje at denne dagen nokon gong kom til å komme, at eg blei lærar, men det var bare å sette seg på flyet til Nepal det, så var saken biff Så, på tysdagar og torsdagar er vi på ein skule om lag 20 minutt å gå frå der vi bur. Der skal vi ha undervisning i 3. til 7. klasse, i ulike fag. Det er bare eg som meldte meg frivillig til mattelærar, så dei andre blir nok meir opptekne med engelsk og s.fag. Eg kan kanskje tenke meg at ein del av dei som les dette – og som kjenner meg litt – ler ganske godt. Stikkord: engelsklærar og Nepal. Ringer det ei lita bjølle? Her er det litt meir som ein gongong eller noko.
I går var første dag på skulen for oss. Vi trudde vi skulle rundt å sjå litt, og kanskje få vere med i ein time. Den gang ei. Vi troppa opp, og prata litt med rektoren først. Så blei vi plassert i sjetteklasse på skulen, med beskjed om å ha ”introduksjonstime”. Det blei nokre ville blikk til kvarandre, før vi sette i gang. Vi presenterte oss sjølve, fekk elevane til å presentere seg, og så håpte vi på at spørsmåla skulle hagle. Det gjorde dei absolutt ikkje, så vi måtte finne på meir å spørje om. Då fekk vi vite at Nepal har: Nasjonaldyr (ku), nasjonalfugl (hugser ikkje namnet), nasjonalmat (hugser absolutt ikkje namnet!), nasjonalVÅPEN (eit eller anna slags sverd), nasjonalblom (rhododendro) og nasjonalsong. Vi spurde så fint om ikkje elevane kunne synge nasjonalsongen for oss, og vips stod alle oppreist og stemte i på ein song eg ikkje fekk heilt med meg melodien til. Den gjekk nemleg i 30 ulike tonearter, ein for kvar elev i klassa. Etter ferdig sunge (brølt) nasjonalsong, kom sjølvsagt spørsmålet: Kan dere synge Noreg sin song? Vi stemte i, men det var alt for lyst. Vi kom til ”å den saga natt..”, så begynte elevane å klappe, og dermed var vi ferdige å synge. Kven har sagt at det ikkje er lov til å kutte ut dei seiste linjane av sangen? Ikkje eg i alle fall.
Vi fekk forresten alle nasjonalspørsmåla i retur, og fann fort ut at det er eit stort hol i undervisninga for -89-generasjonen når det gjeld nasjonalsaker og –ting. Dette er svara elevane fekk:
Nasjonaldyr: Elg. Nasjonalfugl: fuglekongen. Nasjonalmat: potet. Nasjonalvåpen: det har vi ikkje. Nasjonalblom: veit ikkje. Nasjonalsong: blei sunge. Litt heimelaga nasjonalsymbol innimellom, men det dei ikkje veit, har dei ikkje vondt av. Trur vi.
Dei 40 minutta gjekk tåleg seint, vi trudde vi var ferdige etterpå, men nei da. Då var det vidare til neste klasse, 7. klasse, etter dei kom 5. klasse, før eg runda av med ein time åleine i 4.klasse. Stas det, til slutt hadde vi ein repeat-knapp, som vi bare skrudde på – med litt uheldige konsekvensar. Stakar 5.klassen fekk spørsmål om nasjonaldyr alle fall 3 gonger. Håper dei ikkje blir langvarig skada av det.
Kristin hadde den beste forklaringa på kva ein elg er, trur det var til 5.klassen det og: ”It’s like a BIG, brown cow, with horns almost like trees. And if you hit it with a car, you can DIE!” Velkommen til Noreg sier eg…
I dag var vi over på eit barnesenter der vi skal vere på måndager og onsdager. Der var det fire ungar i dag, men til vanleg 13, i aldaren 2 til 5 år. Vi skal lære dei songer, rim og regler på engelsk, og kanskje litt tal og bokstavar. Frå ungane er tre år lærer dei nemleg å skrive her i Nepal. I tillegg er det meininga vi skal leike med desse ungane. Eg trur det blir gøy!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Ringringringringring! Es klingelt definitivt eine Schelle! Men så nydelig at dåkke e i gang med jobbingå. Ser jo grådig gøy ut:)
Eg veit det vert moro.. "gong-gong" *Eg ler..!*
Legg inn en kommentar