torsdag 6. november 2008

Dyrene i Asia

Eit herleg vesen som eg blei så alt for godt kjend med i løpet av tre år på Kvitsund har no meldt sin ankomst att. Tenk, dumme meg trudde at dette kom til å bli eit bananflugefritt år. Den gang ei. På kjøkkenet vårt er ein eigen koloni under utvikling, eg tenker med ei gang på rommet til ei viss frk. Rui i 2.klasse for dere som er innvigd i kva det inneber.
For den som måtte tru at nepalske bananfluger ikkje er like dei norske, tar dere skrekkeleg feil. Dei er små. Dei er brune. Dei har vinger. Og bein. Dei flyg fort. Det er umogleg å ta knekken på dei. Det er rett og slett BANANFLUGER! Saksa frå caplex.no: bananflue, Drosophila melanogaster, ca. 3 mm lang, gulbrun flue med røde øyne. Finnes over hele jorden. Har blitt mye brukt i arvelighetsforskning pga. sin hurtige forplantning og kjempestore spyttkjertelkromosomer.

Bortsett frå desse små "søte" er Freddy, vår kjære firfirsle også fast inventar. Veit ikkje om eg har fortald om han før, men no har eg det i alle fall. Kvar kveld kjem han inn (har skulka litt unna i det seiste, men...), og heng i taket/på veggen og glor på oss. På morgonen er han borte att. Nokre skilter med å treffe på sebra og andre slike dyr, andre meiner bestemt å ha monster under senga. I Nepal er det eit faktum - vi har "monster" OVER senga!
(Her skulle det komme to fantastisk flotte bilder, men den gang ei. For dei spesielt interesserte er det bare å ta kontakt, så skal dere få sjå bilde av vår trufaste ven Freddy)

2 kommentarer:

Signe sa...

Romet te Frk. Rui kan eg verkeleg aldri tenkje meg at va plaga av bananfluger, du forvekslar ho sikkert med nokon annan!

Solgunn sa...

Eg forstår heller ikkje, kem e d egentligt du meine?