mandag 17. november 2008

Bussen vår

Til nå i livet mitt har eg vore borti litt forskjellige slags bussar. Nokre er fine, andre er gamle, nokre har god luft og i nokre bussar bør du ikkje vere allergisk for støv. Eg trudde eg var ein busskjennar før eg kom til Nepal, men det viste seg å vere feil. Her er bussane veldig ulike frå det eg er vane med! Sjølvsagt har eg sett eitt par "vanlege" bussar her og, men dei er alltid stappa av turistar med caps på hodet og fotoapparat rundt halsen. Bussane EG tek her, er små. Dei går eigentleg under kategorien minibuss, og dei er ALLTID fulle. Ikkje full som i "søren, eg må sitte på sida av nokon eg ikkje kjenner!", men fulle som i "vi får stå i dag igjen!" Det blir mykje kroppskontakt, både av den hyggelege og den ikkje fullt så hyggeleg sorten.

I går måtte vi nok ei gong ta bussen, for å komme oss på arbeid denne ganga. Bussen kom, og han var full. Dette var virkelig fullt, det hang menneske ut av vindauger, i døra hang det fire personar. Første tanken min var "drit, vi venter på neste", før det kom nokre unge gutar og inviterte oss til å vere med å sitte på taket! Vi gliste breitt, og klatra opp. Ganske digg, det kan eg skrive under på! På taket var det god plass, vi slapp å få inn eksos gjennom vindauga - for det var ikkje vindauger! I tillegg kunne vi sjå på all den svarte eksosen som blei spydd ut, og tenke "takk at vi ikkje er ute og går nå!"

I tillegg får ein betre kontakt med folk når ein sit på taket til bussen. Marianne fekk spørsmålet "røyker du marihuana?", og svarte klart nei på det. Gutten som spurde derimot, var visst ein av dei, og virka ikkje heilt fornøgd med svaret han fekk. Bedre lykke neste gang!!



BTW: sjekk svart eksos i bakgrunnen på bildet! Fra bussen vår! Er det fortsatt nokre der ute som lurer på kvifor eg gjekk til innkjøp av maske?

5 kommentarer:

Anonym sa...

Great, Sigrun!
Høyrdest ut som du får ein del interessante erfaringar der nede/borte (eller kva det no er)! :D
Ragnhild

Anonym sa...

Hei! Så bra at du ikkje skal kjøre bussen,i alle fall..!(Du var så lik mor di på biletet på busstaket!!)Klem tante G.

Signe sa...

Må innrømme at d fyrste eg tenkte då eg såg bilete va: Høtt gjer Sigrun der, ho va no på Kvitsund i går kveld! (men d va visst Ragnhild d:)

Adde på bilete heve "skjerf" på seg, æ d kleskode?

Sigrun sa...

Signe: Nei, sjal er ikkje kleskode. I alle fall ikkje når vi går med bukse, men det varmer veldig med eit sjal over skuldrene, og det er KALDT her for tida. Difor har eg lært meg til å surre eit sjal rundt skuldrene mine...

Anonym sa...

Det såg moro ut :)
Her er det foresten snøføyke
mamma