onsdag 26. november 2008

Det var ei gong

Det var ei gong ein rull med papir. No har den ikkje lenger den same storleiken. Kvifor? Sigrun er forkjøla. Difor døydde den stakars dorullen. Prosessen var ganske kort: Dag 1: Heil og fin. Dag 2: litt redusert. Dag 3: død (tom). Snipp snapp snute, så var (det sanne) eventyret ute.

Bortsett frå denne triste historia må eg takke, bukke, nikke og neie. Grunn: I løpet av tida i Nepal har eg fått fire brev. Det første – frå Signe kom før fødselsdagen min. You made my day, Signe! Dei tre andre – frå Ingebjørg, Torleif og Ragnhild kom i dag – ALLE TRE! Snakk om overlykkeleg jente som etter frukost sat seg ned med tre koselege brev! Takk til alle tre som gav meg ein fantastisk god start på dagen! (Viss noen lurte står postadressa mi i kolonna til høgre på bloggen. Dette var ”ikkje” eit hint:P )

Som ein liten parantes kan eg kanskje nemne at eg var på arbeid på skulen i går. I 4.klasse hadde eg matte: stykker som 4586x39. Eg trudde matematikk var eit internasjonalt språk, der tok eg til ei viss grad feil. Kvifor kan ikkje alle løyse slike stykker med same oppsettet? Eg lærte meg i alle fall at her i Nepal blir gangestykker løyst på ein anna måte enn i Bykle. Det førte til at eg stod med totalt hjerneteppe, hadde ikkje peiling på korleis eg skulle gå fram. Eg veit korleis eg skal løyse stykket utan kalkulator, men ikkje slik som det stod forklart i boka her! Løysninga på mitt hjerneteppe blei: få elevane opp på tavla, til å ”teste” om dei kan løyse, og dei må forklare høgt til klassa. Etter to elevar forstod eg konseptet, og kunne fortsette sjølv. Pusta letta ut da, ja!

I dag etter jobb var eg i fengsel. For alle som sitter med store forhåpningar om at eg endeleg blei satt inn bak lås og slå, må eg dessverre skuffe dere. Vi var med sjefen vår på barnesenteret då ho skulle besøke folk der. I lag med nokre andre eldre damer i kyrkja si, reiser ho på besøk til innsette som av ulike grunnar ikkje får besøk av familie/andre. Eg prata ein del med to menn frå Afrika, det var veldig koseleg. Håper dei fekk ein litt betre dag etter at vi hadde vore der. Den eine av dei hadde vore litt i Elfenbenskysten (kom ikkje derifrå altså), så eg kom med ”nyheter” om kva som skjer der (er jo bare eitt år sidan eg var der og såg korleis den politiske situasjonen var..). Trur han sette pris på det! Før jul skal vi tilbake igjen, då skal vi ha med mat, kaker osv, og feire jul i lag med nokon av dei innsette. Det blir koseleg, eg gler meg!

5 kommentarer:

Signe sa...

Gla brevet kom trygt fram. Fekk du gjæren. Du skjønnar eg va litt redd (og paranoid) og tenkte at kanskje nokre napalske tollerar ville opne pakka og tru at d va narkotika, og sende eit fly for å hente meg og setje meg i fengsel. Men då gjekk d kanskje bra då?

Bli gla når du fortel om ting du gjer som gjer livet litt lettare for andre menneske! Då bli eg stolt av Sigrun eg!

Anonym sa...

Eg er spent på korleis bryllaupet i Nepal var - blei det avlyst?
Mamma

Solgunn sa...

Gjær?

Torleif Alexander sa...

Ja ein må jo ha noko å "gjæra på".. *humre-humre*

Torleif Alexander sa...

.. det var ein gong eit innlegg som ikkje vart til to..? Du, det derre innlegget, kossen va det med det derre? (lært av Sødal)